Hopp til innhold

Lagar folkefest i Brekke på Tour des Fjords

– Vi viser at også små plassar kan ha store arrangement, seier ordføraren i Gulen under sykkelfesten i Brekke.

publikum tour des fjords brekke
Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Det var ein folkefest frå Balestrand til Førde under etappen av Tour des Fjords onsdag, der belgiske Dries van Gestel stakk av med sigeren.

Andre etappe startar i Brekke i Gulen. Staden med dei fleste nedbørsrekordane i landet stiller med duskregn og skodde for syklistane.

For deltakarane på folkefesten er ikkje det noko hinder for å stille i finstasen.

– Eg konfirmerte meg sist helg, så då tenkte eg at eg like gjerne kunne få brukt bunaden denne helga også. Det er jo fest, seier Truls Ellingsen Haugland.

Går for siger

Framfor boda der startnummera blir delt ut er det liv og røre. Trehjulssyklar og resersyklar står om kvarandre, støtta av smånervøse eigarar mellom to og 13 år.

Emilie, Anna Sofie og Lasse Mikal har fått startnummer og er klare for å gå for siger.

– Det er kjekt fordi du kan vinne. Og fordi du kan sykle med andre venner, seier Anna Sofie.

Dei har høyrt at det er bra premiar i vente for som syklar dei to rundane frå starten og opp hovudgata i Brekke.

– Eg trur ikkje det blir så slitsamt, seier Lasse Mikal, som skal vere med i klassen for dei eldste barna.

Verken sykkelløp eller å sjå dei proffe syklistane er det beste med Tour des Fjords-fest i Brekke, synest han.

kids sykkelløp brekke

BARNELØP: Anna Sofie, Emilie og Lasse Mikal har høyrt at dei kan vinne bra premiar i barneløpet. Dei trur ikkje det blir slitsamt.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Eg gler meg mest til å ete mat! Dei pølsene her borte er kjempegode.

Stiller i eigen brekke-bunad

Fleire av dei lokale i Brekke starta dagen med felles fjelltur, lenge før dei celebre syklistane var på plass i bygda.

I buene blir det seld kaker, pizzasnurrar, laks og grillmat. Truls Ellingsen Haugland og mor Helga Ellingsen stiller i bunad i salsboda, for det er trass alt fest.

Det er ikkje vanskeleg å få med folk i Brekke på dugnad når det er slike store arrangement, fortel Helga Ellingsen.

– Det er ein av dei sjeldne gongene vi får besøk av så celebre gjester. Då er det ikkje vanskeleg å få folk med.

Folk i Brekke

BUNAD: Brekke var eigen kommune fram til 1964. Helga Ellingsen og Truls Ellingsen Haugland stilte i den lokale Brekke-bunaden.

Foto: Sigrid SKjerdal / NRK

– Også små plassar kan ha store arrangement

Ordførar Hallvard Oppedal har også tatt på finstasen. Han skal sende syklistane av garde når starten går.

– Vi greier å lage slike store arrangement om vi samlar oss, sjølv om det er små plassar. Vi har mange aktive lag og organisasjonar, og vi hadde ikkje klart dette utan dei, seier Oppedal.

Sjølv har han ikkje følgt mykje med på sykkelsport før.

– Men det er ein sport der eliteløparane går inn blant folk når dei kjem. Ein kjem tett på, det er flott.

Målgangen på andre etappe, torsdag, er i Norheimsund i Hordaland.