Normal

Folk vert bedne om å halde seg heime

Folk i Fjaler og Askvoll blir bedne om å halde seg heime på grunn av mykje vatn på vegane. Vegen vart stengd litt før klokka 21 i går på grunn av flaum, men er no opna att.

Flaum på fv 57 i Dale

VATN I VEGEN: Fylkesveg 57 er stengd ved Nishammartunnelen i Dale.

Foto: Ola Hovland

Rådmann Ola Hovland i Fjaler seier at vegen vart stengd mellom Nishammartunnelen og Dale sentrum.

– Det er ei strekning på om lag 100 meter like etter tunnelen at ei elv rann over vegen. No er ein entreprenør i gang og skal hakke hol i ein støypekant på vegen, slik at vatnet kan renne gjennom, sa Hovland i 21-tida.

Hovland rekna med at vegen kom til å vere stengd eit par timar framover, det vil seie fram til rundt klokka 23.

Men klokka 21.30 melde Vegtrafikksentralen at det er opna for manuell dirigering på staden. Seinare vart vegen open for fri trafikk.

Ber folk halde seg heime

Men kommunen har sendt ut ei melding til innbyggjarane der dei ber om at dei ikkje legg ut på vegen om dei ikkje har heilt naudsynte ærend.

– Med dei nedbørsmengdene som er meldt bør folk halde seg heime om det ikkje er noko dei absolutt må av garde til, seier rådmann Ola Hovland.

Også Vegtrafikksentralen ber folk om å unngå unødig bilkøyring i Sunnfjord, og spesielt i Fjaler og Askvoll. Der er det mykje vatn på vegane.

Statens vegvesen har stengt fylkesveg 50 Aurland – Hol på grunn av uvêr. Uvêret skal auke på i fjellet.

Det er sendt ut obs-varsel for Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland etter aukande fare for flaum. Det er varsla at det kan komme opp mot 170 mm lokale stadar i løpet av dei kommande 36 timane, ifølgje Meteorologisk institutt.

Det er også varsla at det i løpet av kvelden vil bli sterk vind på fjellet, og regn som går over til snø. På kysten vil det blåse opp mot full storm.

Det bles på fjellet

VIND OG DÅRLEG SIKT: Sterk vind stengjer fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland. Det er venta at vinden skal auke på utover kvelden.

Foto: Statens vegvesen/webkamera

Stenger vegar

Statens vegvesen stengde tidlegare torsdag kveld der dei stengde fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll på grunn av rasfare ved Heilevang. Vegen blir heilt stengd mellom klokka 18 torsdag til klokka 09 fredag. Då blir det gjort ny vurdering, men vêrmeldinga tyder på at stenginga blir forlenga.

På riksveg 13 over Vikafjellet var det kolonnekøyring på grunn av uvêr, men vegen vart opna att for fri ferdsel klokka 21.50.

I tillegg vart fylkesveg 616 stengt på Rugsundbrua på strekninga Smørhamn–Isane på grunn av sterk vind. Denne vegen vart opna att klokka 20.33., men vart stengd att få minutt etterpå. Vindstyrken på brua ligg rundt 27 meter i sekundet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune