Slik feirar dei også 1. mai

Medan nokon går i tog og fører fram viktige saker for arbeidsfolk, så tek andre turen høgt til fjells for å nyte finvêret og vakker natur. Skåla (1848 m.o.h.) er i ferd med å bli det nye toppturfjellet i Sogn og Fjordane.

Skåla1

PÅ VEG OPP: Her er ein av mange som tok turen på Skåla 1. mai.

Foto: Terje Holvik

– Eg har sett 15–20 personar som har gått oppover dalen berre i føremiddag, seier Erik Brendefur.

Han er mest kjend som Skåla Opp-generalen etter mange år som løpsleiar for Skåla Opp.

Sjølv valde han ein annan tur 1. mai, nemleg Bjørnekjelda, ei jakthytte i Loen 900 meter over havet. Denne ligg mellom Loen og Skåla, så Brendefur har hatt fin utsikt rett oppover Skåladalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørnekjelda

SER OVER TIL SKÅLA: F.v. Inger Marta Loen, Berit Loen, Magne Per Skåden og Vigdis Loen.

Foto: Erik Brendefur

Minst 40–50 på Skåla i helga

Han fortel at Skåla er dekt av skispor i alle retningar.

– Denne helga har det sikkert vore 40–50 personar der oppe, trur Brendefur.

Han fortel at ein dei siste åra har lagt merke til ein aukande aktivitet på Skåla, også vinterstid.

– Skåla Opp har vorte svært populært, og folk har sett at her er det også moglegheiter om vinteren. No har vi ikkje marknadsført det så veldig sidan det er noko rasfare i området tidleg på vinteren, men såpass seint på sesongen går det greitt, seier Brendefur.

(Artikkelen held fram under biletet)

Blåskavlen

BLÅSKAVLEN: Denne gjengen var på tur på Blåskavlen (1809 m.o.h.) i Aurland kommune. F.v. Terje Terum og hunden Lolita, Anders Veum, Evy Hilde Veum og Britt Nancy Hagen.

Foto: Arne Veum

Sju som overnatta søndag

Han fortel at frå påsketider er det mange som tek med seg ski og tek turen på Skåla. Han var sjølv oppe førre søndag.

– Då var det iallfall 30 personar oppe. Eg møtte også på sju som skulle overnatte, seier Brendefur.

Ein av dei som har teke turen på Skåla 1. mai er Terje Holvik frå Førde.

– Det er ein god del folk på veg oppover her. Vi er tre stykke som er på veg opp, og vi ser iallfall ti personar borti ura, seier Holvik.

Han fortel om strålande forhold og har store forventningar til nedfarten.

– Vi ventar oss slush-føre, seier Holvik nøgd.

Ser heile Hurrungane

Arne Veum frå Aurland har valt Blåskavlen på 1807 m.o.h. som sitt mål 1. mai.

– Det er fantastiske forhold her oppe. Det er mykje folk på tur, og Blåskavlen, som er ein bre, er ein flott plass for vårskiturar, seier Veum.

Han fortel om nydeleg snø og utsikt i alle retningar så langt auga kan sjå.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hurrungane

FLOTT UTSIKT: Frå Blåskavlen ser ein heilt til Hurrungane.

Foto: Arne Veum

Populariteten skuldast fleire ting

Brendefur trur det er fleire årsaker til at Skåla har vorte eit populært turmål, også vinterstid.

– Det er veldig populært for folk å gå til fjells. I Loen har vi fjelltrim, og alle skal ut i naturen. Men når det gjeld Skåla så har vi hatt Skåla Opp sidan 2002. Vi merkar at interessa strekkjer seg til heile året. Men det gjeld også andre fjelltoppar i Loen, ikkje berre Skåla, seier Brendefur.

Til dømes Via Ferrata som opnar snart.

– Det ligg framleis godt med snø på Skåla, iallfall ned på Tjugensætra på 400 meter. Så du kan stå på ski frå 1848 til 400 meter. Og det er ganske mykje såpass seint på året, seier Brendefur.

– Dette er ein kombinasjon av jobben min på Alexandra hotell og Skåla Opp. Men klart det er kjekt at fjellet blir så populært, seier Brendefur.

Kjell Petter Moen

TOPP: Kjell Petter Moen frå Gaupne på toppen av Blåskavlen.

Foto: Arne Veum

Har du bilete frå fjellturen din? Send oss gjerne eit MMS-foto til 1987 med kodeord SF.