Folk strøymde til vallokala og måtte stå i kø

– Det passar dårleg å røyste på måndag. Difor kjem eg her i dag.

val

FERDIG: Med dottera i armane nytta Nina Hopland Erviksæter frå Eid høvet til å røyste på førehand på rådhuset i Førde fredag.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette seier Nina Hopland Erviksæter frå Eid. Saman med om lag 3000 andre har ho røysta på førehand i nye Sunnfjord kommune. Dette er langt fleire enn ved kommune og fylkestingsvalet for fire år sidan, då kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Gaular hadde val kvar for seg.

Pågangen ved skranken på råhuset i Førde var så stor at mange måtte stå i kø for å få røyste fredag føremiddag. Med dottera på armen gjekk Hopland fram til valurna og putta røystesetelen nedi.

– Du får ikkje vite kva eg røysta på, sa ho med eit lurt smil.

Martin Olimstad føler det som ei plikt røyste.

– Det er ei borgarplikt å røyste. No har eg gjort plikta mi, sa han før han hasta vidare.

Val

HAR BESTEMT SEG: Martin Olimstad på veg ut av avlukket med røystesetlane han skal putte i valurna.

Foto: Bård Siem / NRK

Rekordmange har røysta på førehand

– Spesielt den siste veka har det vore veldig stor pågang på rådhuset i Førde frå folk som vil røyste på førehand, seier Malin Moldestad ved valsekretariatet i Sunnfjord kommune.

Moldestad trur mange røystar på førehand for å unngå å stå i kø på valdagen.

– Mange har travle kvardagar og det er ein generell trend at fleire røyster på førehand. Enkelte ønskjer ikkje å stå i kø. Andre er vekke på valdagen, seier ho.

Kjell Flaten frå Førde var på veg ut av rådhuset etter å ha gjort unna røystinga.

– Eg har ikkje vore i tvil om kva parti eg skulle røyste på. Senterpartiet er det beste partiet, sa han.

Totalt har 120 012 personar i Vestland fylke røysta på førehand, viser ferske tal frå Valgdirektoratet. Rekordmange har røysta på førehand. I heile Noreg har totalt 875.584 personar røysta før valdagen på måndag.