NRK Meny
Normal

Folk strøymde til Moods sitt opphøyrssal – men bankproblem skapte kaos

STRYN (NRK): Køane var lange då Moods of Norway starta sitt opphøyrssal i alle butikkane i landet fredag og natt til laurdag pakka dei fleire varer som skal ut i butikkane.

Opphørssal Moods of Norway, Stryn

INTERESSE: Det var stinn brakke i Moods of Norway sin butikk i heimbygda Stryn på den første dagen av opphøyrssalet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Jan Egil Flo foran stengd moods-butikk i Stryn

NØGD: Jan Egil Flo, tidlegare administrerande direktør i Moods of Norway, er blant dei som har kjøpt tilbake selskapet. Han er nøgd med korleis opphøyrssalet har gått.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi er kjempe fornøgd med salet over heile Norge. Mottakinga har vore overveldande, seier tidlegare administrerande direktør Jan Egil Flo til NRK.

Moods of Norway gjekk konkurs grunna høg gjeld 20. september, men 4. oktober kjøpte dei gamle eigarane tilbake konkursbuet.

To dagar etter starta opphøyrssalet over heile landet, i alle dei 18 butikkane.

Råka av bankproblem

Moods gjekk høgt ut og reklamerte for at butikkane opna att i sosiale medium, men dei fekk uventa problem. IT-selskapet Evry hadde tekniske problem gjennom heile fredagen og det påverka minibankar, bankkort, nettbankar og betalingsterminalar.

Opphørssal Moods of Norway, Stryn

KØ: Det hopa seg opp i kassen, både på grunn av mange besøkande i butikken og problema med betalingsterminalen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det passa oss dårleg. Det gav problem i alle butikkane, men vi kom oss gjennom. Salet gjekk betre enn forventa. Det var kaos, men kontrollert kaos, seier Flo.

Etter konkursen mista 200 personar jobben sin, men no er alle saman tilbake i jobb.

– I tillegg har vi kalla inn ekstravakter og fått tak i det vi kan av folk. No er det fullt køyr, seier Flo.

Sjølv har han hatt ei travel natt.

– Vi stod og pakka varer til klokka to i natt som skal sendast ut i butikkane. Opphøyrssalet heldt fram i to veker til og så skal vi bygge om butikkane og gjera oss klar til å vera i normal drift fram mot jul, seier han.

Handla mykje

Nokon av dei som hadde tatt turen til Moods-butikken i Stryn på fredag var familien Hellesnes som bur på Langhus i Ski, utanfor Oslo. Anette Helkesnes hadde med seg døtrene Mathilde Hellesnes Eikar (7) og Cornelia Hellesnes Eikar (5).

– Vi har handla mykje på Moods tidlegare og var på besøk hos familie i Innvik og Utvik. Då måtte vi ta turen inn, seier Anette.

– Har dokke fått kjøpt noko?

Ja, vi har funne ein barnekjole, litt luer, sokkar og shorts, seier ho.

Mathilde Hellesnes Eikar - 7 år Anette Helkesnes Cornelia Hellesnes Eikar -5 år

PÅ BESØK: Mathilde Hellesnes Eikar (f.v.), Anette Hellesnes og Cornelia Hellesnes Eikar er på besøk hos familie i Nordfjord og reiser ofte innom butikken i Stryn. Anette er glad den har opna att.

Foto: Silje Guddal / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.