Hopp til innhold

Folk sorterer mykje meir plast når kommunane hentar det for dei

FØRDE (NRK): Kvar tredje norske kommune har ikkje plastsortering i heimen. Det får store konsekvensar for kor mykje plast som blir sortert.

Plast i Sunnfjord

PLAST FOR SEG: I kommunar der plast blir sortert for seg i heimen dukkar det opp mykje meir plast. Dette er frå Einestølen i Førde kommune.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg sorterer ikkje plast nei. Det hamnar i same søppelbøtta som alt det andre, for det er jo berre slik det er, seier Kjell Foss på Sande i Sunnfjord.

I dei fleste norske kommunar er det slik at folk sorterar mellom plast og anna avfall. Når søppelbilen kjem og hentar det, går plasten då i eigne dunkar. I rundt kvar tredje kommune er det derimot slik at folk sjølv må ta med plasten sin til utvalde returpunkt.

Tala syner at dei ulike ordningane får store utslag på kor mykje plast som blir sortert.

Sunnfjord og Sogn er to område med om lag like mange innbyggjarar, men med to forskjellige returordningar for plast.

I Sogn blir plasten sortert heime hos folk. I Sunnfjord må folk levere inn plasten sjølve, så nær som i Bremanger. Der har dei ein avtale med Nomil som gjer at innbyggarane sorterer plasten heime. Resultatet er at det vart samla inn 272 tonn med plast i Sogn i fjor, medan det berre vart samla inn rundt 5 tonn i Sunnfjord.

– Det er ganske tydeleg også når ein ser på nasjonale statistikkar at returordninga har mykje å seie for mykje plast som blir samla inn, seier dagleg leiar Henning Tjørhom i Sunnfjord Miljøverk.

Henning Tjørhom i Sunnfjord Miljøverk

MYKJE Å SEI: Henning Tjørhom i Sunnfjord Miljøverk seier at det har mykje å seie kva slags ordning kommunane vel for retur av plast.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Meiner alle kommunar må få sortering

Organisasjonen Framtiden i våre hender er ikkje fornøgd med at ein god del av norske kommunar ikkje praktiserer plastsortering heime hos folk.

– Innan 2050 kan det vere meir plast enn det er fisk i havet. Då meiner eg at det seier seg sjølv at alle må bidra gjennom å sortere plast. Det har veldig mykje å seie for miljøet vårt at vi klarer det, seier leiar Anja Bakken Riise.

Anja Bakken Riise, leder for Framtiden i våre hender

ALLE KOMMUNAR BØR HA SORTERING: Anja Bakken Riise i Framtiden våre hender meiner at alle kommunar bør ha plastsortering i heimen.

Foto: Framtiden i våre hender

Ho fortel at dei har eit klart mål om at kvar einaste norske kommune skal byrje med ei ordning der dei hentar sortert plast heime hos folk.

– Når det trass alt er så mange som har fått på plass gode ordningar, må det vere mogleg også få resten å få det til. Det kan kanskje innebere nokre investeringar til å begynne med, men det er viktig at ein gjer dette, seier Riise.