Folk slit med å få tak i familiebustadar i fylket

FØRDE (NRK): Veksten på bustadprisane i fylket er høgare enn nokon sinne, samstundes slit folk med å få tak i eigna bustadar.

Byggefelt i Sogndal

KAN GJERE MEIR: Mange ynskjer å bu i Sogndal, og ordførar Jarle Aarvoll seier kommunane i Sogn no har gått saman for å bli flinkare på bustadsatsing i området.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ein familie på fire ringde til meg og lurte på om det ikkje kjem fleire familiebustadar på marknaden snart. Dei har utfordringar med å finne noko som kan passe dei. Det burde ikkje vere slik her, for det er rom for å bygge meir, seier Pål Anders Kårstad, dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Pål Anders Kårstad

VEKST: Familiefolk vil ha romslege bustadar i Sogn og Fjordane, og aldri før har prisane på bustadar vakse meir enn i 2016, seier Pål Anders Kårstad i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han fekk også sjølv erfare at det er vanskeleg å få tak i ein romsleg bustad då han og familien flytta frå Bergen til Førde for nokre år sidan. Og det er mange som er på utkikk etter einebustad, rekkehus eller eit romsleg husvære i Trivselsfylket. Etterspurnaden er størst i sentra, som Førde og Sogndal, men dei store motorane dreg også med seg områda og kommunane rundt.

– Det er merkeleg kor mange dette gjeld. Familiebustadar er mangelvare, og folk tenkjer at når dei først skal tilbake til fylket, så skal dei i alle fall ha god plass.

Lovar hus og leilegheit på dagen i Eid

Også i kommunane ser dei at folk, og spesielt familiar er på leit etter ein stad å bu.

– Vi opplever forrykande etterspurnad frå familiar etter bustadar, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Alfred Bjørlo

HØGT TRYKK: – Det er rift om prosjekta og det blir bygd mykje i Eid, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Nyleg la kommunen ut 40 tomter for einebustadar ut for sal, og det er også tomter og planar for fortetta bustadar klare.

– Det er definitivt ei tid for både å byggje og vere på hogget for dei som vil busetje seg her. Alle som vil kjøpe bustadtomt her får det, på dagen. Også leilegheiter, seier ordføraren og legg til at det kan bli noko venting før ein kan flytte inn.

Ordføraren ser at ei kvar utbygging, også av leilegheiter hjelper på, for det opnar ofte for at eldre par sel sin einebustad og flyttar til nybygde leilegheiter i sentrum.

Jobbar med saka i Sogn

Eigedomsmeklaren meiner at politikarane generelt ikkje er flinke nok til å bygge ut og få fart på bustadbygginga.

– Eg ser ikkje samanheng mellom det politikarane seier og det som skjer, seier Kårstad.

Og i Sogndal, som er eit av dei største vekstsentera i fylket, innrømmer ordføraren at dei alltid kan bli flinkare til å bygge ut bustadar.

– Det er aldri godt nok, og vi har alltid noko å gå på, seier Jarle Aarvoll (Ap).

For å møte utfordringane, har medlemmane i Sogn regionråd gått saman for å utvikle ein bustadstrategi for regionen.

– Då ser vi alt i ein større samanheng, og får meir kunnskap, arealplanlegginga blir betre og vi får ein variasjon i kva bustadar vi kan tilby.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.