Hopp til innhold

Folk sleit med luftvegsplager fleire år etter ulukka

Eksplosjonen i Sløvåg i Gulen førte til årelange plager for innbyggjarane i området.

Eksplosjon i Sløvåg

NI ÅR ETTER EKSPLOSJONEN: I 2007 skjedde Vest Tank-ulukka i Sløvåg i Gulen. Folk sleit med plager i fleire år etterpå.

Foto: Svein Arild Vatsø

– Etter fem og eit halvt år hadde vi håpa at vi kunne seie det ikkje var fleire symptom, men det kan vi ikkje, seier Bjørg Eli Hollund er prosjektleiar for helseundersøkingane etter ulukka.

Forskinga som blei gjort offentleg fredag, byggjer på det innbyggjarane i området har fortalt om av plager i to omgangar. Først eit og halvt år etter ulukka i 2009 og for fem år sidan i 2011.

– Vi ser framleis at det er luftvegsplager fem og eit halvt år etter ulukka. Det er mindre grad av symptom, men plagene er der enda, seier Hollund.

Det er ni år sidan den kraftige kjemikalieeksplosjonen i Gulen, då det i mai 2007 eksploderte ved ein lagringstank ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg.

Jens-Tore Granslo, overlege ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland, har undersøkt luftvegsplager hjå dei råka etter ulukka fleire gonger i åra etter ekplosjonen. No skal han disputere til doktorgrad om det folk i Sløvåg-området opplevde.

Plager for dei som var nærast ulukka

Etter at mengder med røyk og gass vart spreidd i området ved Vest Tank, melde hundretals personar frå om plager som blant anna kvalme, sår hals og irriterte auge.

– Undersøkingane til Granslo syner at dei som budde eller arbeidde i Sløvåg hadde meir luftvegsplager enn dei som budde lenger vekke. Etter fem og eit halvt år finn vi framleis luftvegsplager blant dei som var nærast eksplosjonen, seier Hollund.

Bjørg Eli Hollund sjekkar målinga når Hugo Solhaug pustar det han er kar om.

HELSEUNDERSØKING: I 2009 sjekka Bjørg Eli Hollund målinga på Hugo Solhaug i ei helseundersøking.

Foto: Endre Hopland / Avisa Nordhordland

Granslo har samanlikna dei som arbeidde eller budde i Sløvåg under ulukka med personar som var lenger vekke.

– Desse plagene gjeld spesielt for dei som var nærast ulukka. Dei har mindre grad av symptom etter fem og eit halvt år, men plagene er der enda, seier Hollund.

– Det overraskar meg ikkje

Store mengder røyk og gass vart spreidd i området, og det viste seg det var ulovlege kjemikaliar i tanken.

Kommuneoverlege i Gulen kommune, Tommy Norman, er ikkje overraska over resultatet av undersøkingane til Granslo.

– I avhandlinga ser vi at det etter fem og eit halvt år var ein redusert lungefunksjon på dei som var med på oppryddinga etter ulukka. Det overraskar meg ikkje, men plagene har spakna.

Eksplosjon i Sløvåg

STORE PLAGER: Fleire opplevde plager etter Vest Tank-eksplosjonen i Sløvåg.

Foto: Wilheim Benidtson / NRK