Hopp til innhold

«Ikkje respekt for skilt som viser feil»

Nedsett fart på strekningar der vegarbeidet står stille gjer at folk mistar respekten for fartsgrensene. Det meiner Sigurd Vengen frå Sandane.

Sigurd Vengen

OPP MED FARTEN: Prostiprest Sigurd Vengen meiner farten vert halden for låg for lenge etter vegarbeid. Dette skiltet er frå ei tidlegare vegutbetring.

Foto: Montasje / NRK

– Du får ikkje respekt for eit skilt som eigentleg viser feil, seier prostiprest i Nordfjord, Sigurd Vengen.

Han er ein av dei som har sett seg lei. Vegen ligg der tom og nyasfaltert, men dei gule skilta varslar om nedsett fart, sjølv om vegarbeidarane for lengst har forsvunne.

Ikkje mange grunnar

Vengen meiner fartsgrensene må hevast når vegarbeidet er ferdig. Elles vil folk miste respekt for skilta.

– Det kan ikkje vere mange gode grunnar til ei 50-grense når det ikkje er hindringar i vegbana. Det er ingenting som tyder på at ein ikkje kunne oppheve 50-grensa, når det ikkje faktisk er vegarbeid som går føre seg, seier Vengen.

Han trekkjer fram Breimfjell-tunellane som nylege eksempel, men meiner det er i ferd med å bli eit mønster for pågåande utbyggingar.

Han trur praksisen kan få bilistane til å miste respekten for dei gule skilta.

– Dei fleste skjønar at det ikkje er vegarbeid på staden lenger. Difor ligg dei både i 60 og 70 kilometer i timen.

– Enklare å respektere det logiske

Magna Vangsnes

GRUNNAR: Det kan vere grunnar til at fartsgrensa vert halden låg, seier Magna Vangsnes i Statens vegvesen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen (MMS-foto)

– Eg håpar jo at folk respekterer skilta, seier Magna Vangsnes, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Ho fortel at hovudregelen er at skilta skal dekkast til når det ikkje går føre seg arbeid på vegen. Men det kan vere mange grunnar til at skilta blir ståande.

– Eit døme er dersom rekkverket er teke ned, eller andre ting som gjer at vegen ikkje har den standarden som han normalt har, seier ho.

Likevel legg ho til at det er viktig for Vegvesenet at fartsgrensene blir oppfatta som rimelege. Elles er det ein fare for at bilistane sluttar å bry seg.

– Det er det. Difor er vi opptekne av at det skal vere rett, fordi at vi ønsker at folk skal respektere skilta. Og det er sjølvsagt enklare å respektere det som er logisk, seier Vangsnes.