Folk må koke vatnet – politiet opprettar straffesak

Fleire hundre abonnentar knytt til Dale vassverk i bygda Luster må koke vatnet sitt etter at drikkevatnet vart forureina av lekkasjen i ein møkkakjellar torsdag kveld.

Møkkasøl i Luster

MØKKAFLAUM: Politiet opprettar straffesak etter lekkasjen i ein møkkakjellar i Luster.

Foto: Arve Uglum / NRK

Folk som bur i heile Bringebakkane byggefelt, Luster omsorgssenter, ut mot Døsen og inn mot Solstrand er no ramma.

Ved Luster omsorgssenter fryktar dei at stoda blir langvarig.

– Det blir spennande å sjå om dette blir langvarig. Vi klarar nok alltids å koke vatnet og ta omsyn til det ei stund, men spørsmålet er om dette varar lenge, seier leiar Liv Hundshamar.

Dei tilsette på omsorgssenteret har i dag kokt fleire femliters panner med vatn etter at bygda vart råka av møkkaflaumen.

Møkkakjellaren på ein gard byrja å lekke, og 35 til 40 kubikk med land rann ned gjennom Bringebakkane og ned til fjorden. Brannmannskap måtte rykke ut for å spyle unna.

– Vi kokar vatn til det vi skal drikke og til å lage kaffi. Mat får vi tilsendt frå Gaupne, seier Hundshamar.

Luster Omsorgssenter

KOKAR: Folka på Luster omsorgsenter kokar vatnet sitt i dag. I ettermiddag blir det plassert ein tank med reint vatn her.

Foto: Luster kommune

Ureina

Leiar for teknisk drift i Luster kommune, Terje Arild Kveane, stadfestar at drikkevatnet er ureina, og seier at innbyggarane som er knytt til Dale vassverk har fått påbod om å koke vatnet sitt.

– I løpet av dagen vil vi setje inn ein tank med reint vatn ved Luster omsorgssenter. Den skal vere klar klokka 14.00. Abonnentar kan hente seg reint vatn der, seier Kveane.

– Eigedomssjef Jan Magne Svåi seier drikkevatnet har farge og lukt.

– Vi har teke prøver og får svar på prøvane i morgon. Men vi er føre var og ber folk koke vatnet, seier Svåi.

Kveane er usikker på kor lenge kokepåbudet vil vare.

– Det kan ta to dagar eller fleire veker. Kommunen må først stogge innsiget av møkkavatn. Så må tre basseng tømmast og reingjerast.

– Kor mykje vil dette koste kommunen?

– Det torer eg ikkje tenke på. Det blir jo ikkje vår skuld. Men det er mest møe og ubehag for våre abonnentar, seier Kveane.

Politiet: straffesak

Lensmann i Luster, Asle Olav Karoliussen, seier at lekkasjen i møkkakjellaren vil bli oppretta og etterforska som ei straffesak.

– Politiet vil etterforske dette som ei forureiningssak og vil rekne på omfang av forureininga og alvorsgraden. Landbruksstyresmaktene er no på staden, seier Karoliussen.

– Vi veit ikkje omfanget eller årsaka enno. Etterforskinga vil gje svar på eventuelle reaksjonar og aktsemd. Vi har hatt fleire slike saker tidlegare. Slikt skal ikkje skje, seier Karoliussen.

NRK har freista få tak i bonden utan å lukkast. Men til Sogn Avis seier han at hendinga ikkje er nokon god oppleving.

– Dette er ikkje noko kjekt, men kva kan ein gjera når det først har skjedd anna enn å rydda opp. Politiet har vore her, og eg må berre ta det som det kjem, seier bonden til Sogn Avis.