Folk i Svelgen må leve i uvisse

Folk i Svelgen veit ikkje kva dei skal tru om det eventuelle salet av hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger.

Beate Standal

SKUMMELT: Beate Standal ved Coop i Svelgen fryktar konsekvensane av eit eventuelt sal av Elkem Bremanger.

Foto: Hilde Zahl / NRK

– Det er jo skummelt, då, seier Beate Standal. Ho jobbar på Coopen i Svelgen.

– Matbutikk må ein jo alltid ha, og eg kan godt selja til både kineserar og innfødde, eg! Om dei vil koma hit, er det berre fint! Ho er ikkje redd for sin eigen jobb, men ho kjenner mange som arbeider ved Elkem. Deriblant er sambuaren.

Spekulasjonar om nytt sal

Smelteverket i Svelgen blei selt til Orkla for fem år sidan. Kraftverket blei seld til Svelgen Kraft Golding i 2009.

Det vert no spekulert i om smelteverket fylgjer etter. Det er Stein Erik Hagen som har sagt at det kanskje kan vera aktuelt å selja.

Det er meldt om både kinesiske og sørkoreanske interessentar, men ingenting har blitt stadfesta. Dersom det vert eit sal, er frykta at dei utenlanske aktørane berre vil tappa bedrifta for teknologi, for så å leggja ned.

Usikre på framtida

Beate Standal og sambuaren er ikkje åleine i den usikre situasjonen. Dei har kjøpt hus, og har lån. Dersom fabrikken skulle bli lagt ned, og han mista jobben, hadde framtida sett dyster ut.

– Me har jo hus og lån. Og dersom fabrikken forsvinn, vil det bli veldig vanskeleg å selja dersom me vil flytta, seier Standal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Positiv av natur

På skippingavdelinga sit Liv Haukenes. Ho trivst svært godt i Svelgen.

Liv Haukenes

SKIPPING I FARE: Liv Haukenes håper smelteverket ikkje vert flagga ut.

Foto: Hilde Zahl / NRK

– Eg er jo positiv av natur. Så om det skulle blitt noko sal, trur eg ikkje me hadde mista arbeidsplassane. I alle fall ikkje i fyrste omgang, legg ho til.

– Ikkje uroleg

Robin Ephithaite

ROLEG: Verkstadsdirektør Robin Ephithaite er ikkje uroleg for arbeidsplassane på verket.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Robin Ephithaite har budd i Svelgen i 18 år. Han er verkstaddirektør på smelteverket. Han har to barn, og det eine barnet er født her. Dei har det godt her.

– Det er ein trygg og god plass for ungane å vaksa opp, seier Ephithaite.

– Me har mykje god kompetanse her i Elkem Bremanger. Eg trur ikkje ein seriøs aktør hadde kjøpt bedrifta berre for å legga ned. Så eigentleg er eg ikkje veldig uroleg for arbeidsplassane, seier han.

Smelteverk i drift

FYR OG FLAMME: Det brenn framleis godt i ovnane på smelteverket

Foto: Hilde Zahl / NRK

Katastrofe

Jarle Frøyen

KATASTROFE: Jarle Frøyen meiner det er katastrofalt for Svelgen dersom verket forsvinn

Foto: Hilde Zahl / NRK

Jarle Frøyen jobbar i ei bedrift som allereie har blitt solgt. Kraftverket blei seld allereie i 2009. Om no smelteverket følgjer etter, er han uroleg for framtida til Svelgen som lokalsamfunn.

– Det hadde vore katastrofe for Svelgen om smelteverket forsvann. Men me veit jo ikkje kva som skjer, og me vel å håpa på det beste, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.