NRK Meny
Normal

– Vi må bruke bossbyttene i staden for naturen

Folk i heile landet gjorde torsdag ein dugnadsinnsats for å samle inn avfall under NRK-aksjonen "Heile Noreg ryddar". I Sandane sentrum ordna 8.-klassingane ved Gloppen ungdomsskule opp.

8. kl. v/Gloppen ungdomsskule, Jelle Koopmans, Karoline Hjelle, Emma Fløtre

RYDDA PÅ SANDANE: Jelle Koopmans, Karoline Hjelle og Emma Fløtre og resten av 8.-klassingane ved Gloppen ungdomsskule var med å rydde i og rundt Sandane sentrum torsdag.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Over heile landet har søppelryddarar engasjert seg for å samle avfall under aksjonen torsdag. Her i fylket var over 100 skular, barnehagar, studentar, verksemder og privatpersonar påmelde den store dugnaden. Totalt deltok kring 3000 personar.

Rydda sentrum

"Heile Noreg ryddar" er NRK sitt bidrag til Strandryddeveka, som «Hold Norge Rent» arrangerer. Ved Gloppen ungdomsskule var heile 8. klassetrinnet i sving for å gjere det ryddigare rundt seg torsdag.

– Vi fann ein gammal sykkel utan hjul, leikepistolar, mange snusboksar og sjokoladepapir, fortel Karoline Hjelle.

– Eg fann mange ølboksar og plast rundt omkring, seier Jelle Koopmans.

Dei kom att med fleire posar avfall etter si ryddeøkt på Sandane.

Over eitt tonn

Elevane trur dei vil bli meir merksame på plast og søppel i naturen etter ryddeaksjonen.

– Vi må begynne å bruke bossbyttene i staden for naturen, seier Emma Fløtre.

Også i Sogn gjorde folk god ryddejobb. Arbeidsleiar Gunnar Barsnes Onarheim ved Simas sitt anlegg i Festingdalen fortel at dei der fekk inn kring 1200 kilo avfall.

Gunnar Barsnes Onarheim, Simas

OVER EITT TONN AVFALL: – Det er kjekt at så mange engasjerer seg og ryddar opp rundt omkring, seier arbeidsleiar Gunnar Barsnes Onarheim ved Simas.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det er kjekt at så mange engasjerer seg i å rydde opp rundt omkring. Det blir ryddigare her i landet og befolkninga gjer ein viktig jobb. Og vi får meir å gjere på òg, så det er veldig positivt.

Kva skjer med søppelhaugen?

– Denne hamnar på bandet og blir pressa som restavfall. Men vi sorterer ut før vi har det på bandet.

– Bra respons

På Nomil sine gjenbruksstasjonar i Nordfjord kunne folk torsdag levere avfall frå ryddeaksjonen kostnadsfritt. Nomil-konsulent Kristen Ravnestad meiner responsen er bra.

Kristen Ravnestad, konsulent i Nomil

INTERESSE: – I dagane og vekene på førehand har vi fått mange spørsmål om aksjonen, fortel Nomil-konsulent Kristen Ravnestad.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– På førehand har vi fått mange spørsmål om aksjonen, og det har vore folk innom og henta sekkar frå Nomil som dei kunne plukke avfall i. Dei få tilbakemeldingane vi har fått frå gjenbruksstasjonane frå gårsdagen har vore at det har vore bra med aktivitet og godt med folk innom med avfall.

– Det meste av det som blir plukka i slike aksjonar blir godt blanda, så vi behandlar det som restavfall. Det transporterer vi til hovudanlegget på Sandane, og vidare til andre aktørar. Det meste av restavfallet blir då gjenvunne som energi.

Ekstra pågang

Sunnfjord Miljøverk har fått inn ekstra avfall i samband med ryddeaksjonar – og det vil kome meir dei neste dagane.

– Vi har hatt veldig stor pågang i går og i dag, seier SUM-rådgjevar Arne Øvrebø.

– Det er alt mogleg avfall. Mykje er lokal forsøpling vi kjenner i igjen frå kiosk og butikk. Så er det ein del industri, vegstikker, varslingskjegler, syrekanner, landbruksplast, i tillegg til bilhjul og gamle rustne felgar.