Hopp til innhold

Folk i fylket vil ikkje ha reformer

Veljarar i Sogn og Fjordane likar verken reformene eller kva regjeringa gjer med fylket. Høgre er overraska.

Meiningsmålingar i Sogn og Fjordane - reformar og politikk

SJÅ RESULTAT FORKLART MED LEGO: Her kan du sjå video om synspunkt til dei ulike reformene forklart ved bruk av lego (Reporter: Erlend Blaalid Oldeide og foto/red.: Oddmund Haugen).

Sentio Research har gjennomført meiningsmåling for NRK Sogn og Fjordane, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen. 600 personar er intervjua 24.–30. april.

Vi har stilt ei rekkje spørsmål om kva veljarane meiner om dei ulike reformene, og politikken til regjeringa.

Folk er ikkje nøgde.

Nærpolitireforma

Laster innhold, vennligst vent..

Totalt 59 prosent meiner politireforma i liten grad gjer Sogn og Fjordane til ein betre plass å bu.

Totalt 13 prosent meiner politireforma i stor grad gjer fylket betre.

Kommunereforma

Laster innhold, vennligst vent..

Totalt 46 prosent meiner kommunereforma i liten grad gjer Sogn og Fjordane til ein betre plass å bu.

Totalt 20 prosent meiner kommunereforma i stor grad gjer fylket betre.

Regionreforma

Laster innhold, vennligst vent..

Totalt 42 prosent meiner regionreforma i liten grad gjer Sogn og Fjordane til ein betre plass å bu.

Totalt 14 prosent meiner regionreforma i store grad gjer fylket betre.

Meiner regjeringa har gjort fylket dårlegare

Laster innhold, vennligst vent..

Av dei spurte meiner heile 48 prosent at det har blitt noko eller mykje dårlegare i Sogn og Fjordane, takka vere regjeringa sin politikk.

12 prosent meiner det har blitt noko eller mykje betre i fylket.

Treng enorme talegåver

Arve Østgaard
Foto: Pressebilete

Arve Østgaard er seniorrådgjevar og grunnleggjar av Sentio Research. Han samanfattar det slik:

– Livet er godt i Sogn og Fjordane. Viss det skal kome store samfunnsendringar på kommunar, fylke, lensmannskontor eller sjukehus, så må ein ha enormt gode talegåver for å overtyde folk om det er rett veg å gå. Og regjeringspartia slit litt der.

– Sjølv reformene ikkje har begynt å virke enno, er dei nok til å sette kjenslene i sving. Og då svarar folk slik dei gjer. Eg tviler på at folk har fått eit dårlegare i Sogn og Fjordane liv under den blå regjeringa. Men det er uvissa som slår inn. Og då svarer dei slik.

Høgre er overraska

Frida Melvær og Vidar Grønnevik

OVERRASKA: Frida Melvær (H) forstår at folk kan kjenne seg utrygge. Men hadde ikkje trudd reformskepsisen var så stor. Her saman med fylkesleiar Vidar Grønnevik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingskandidat Frida Melvær (H) hadde ikkje trudd motstanden skulle vere så stor.

– Det overraskar meg litt. For vi veit at veldig mykje går bra i Sogn og Fjordane med regjeringa sin politikk.

– Kommunane har betre økonomi enn nokon gong. Det går bra med næringslivet. Og vi har den lågaste arbeidsløysa i landet.

– Samtidig seier fleirtalet at dei tre reformene vi har lista opp i liten grad gjer fylket til ein betre plass å bu. Kva seier du til det?

– Det trur eg handlar om utryggleik. Vi har ikkje greidd å formidle kvifor vi gjennomfører desse reformene.

Utrygt og uvisst

– Det kan vere utrygt å miste lensmannskontoret sitt. Men målet til reforma er å få meir politi ut på vegen, nærmare der folk bur. Og å sikre at lensmannskontora faktisk er opne når du treng dei.

Når det gjeld region- og kommunereforma peikar ho på at ingen av dei er gjennomførte enno. Men målet er betre tenester til innbyggjarane.

– Kjennest det motlaust å drive Høgre-valkamp i eit fylke som er så skeptisk til regjeringa sin politikk?

– Eg kan forstå at folk kjenner seg utrygge. Då er det vår oppgåve å fortelje kvifor vi gjer det vi gjer. Landet vårt står framfor ei omstilling. Vi må gjere ting på nye måtar.

Ap: – Regjeringa burde merke seg dette

Ingrid Heggø smiler lurt

AD NOTAM: Ingrid Heggø (Ap) trur regjeringa ville sentralisert mindre, om dei hadde merka seg resultata i undersøkinga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) er ikkje like overraska over resultata.

– Det syner at dei reformene som kjem frå regjeringa ikkje har slått positivt ut for fylket. Det er folk opptekne av.

– Men desse reformene har jo vore delvis støtta av Arbeidarpartiet?

– Vi har verken støtta region- eller kommunereforma. Men vi har støtta politireforma, som vi drog i rett retning.

– Regjeringa fører sentralisering utan sidestykke. Dei burde merka seg denne meiningsmålinga, og tenkt seg om. Kanskje ikkje sentraliseringsiveren hadde vore så stor då, seier Heggø