Hopp til innhold

Dei ber om tunnel-avklaring før folkerøysting

VIK (NRK): Folk må seia nei til kommunesamanslåing viss dei ikkje veit om dei får den nye vegen som kan knyta ny storkommune saman, seier Sp-leiar Trygve S. Vedum.

Gunn Nyland Risløw og Gunnstein Fjellheim

FOLKERØYSTING: Gunn Nyland Risløw og Gunnstein Fjellheim i Vik ønskjer ei avklaring frå Regjeringa om dei får tunnel gjennom Vikafjellet, før dei 23. mai skal ta stilling til om Vik – som eitt av tre alternativ – skal gå saman med Voss og Aurland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Å gå til folkerøysting før me veit om me kan koma oss over Vikafjellet til Voss vinterstid, er heilt hol i hovudet, seier Gunnstein Fjellheim.

– Eg skulle gjerne ha avklart om tunnelen gjennom fjellet kjem, seier Gunn Nyland Risløw.

Dei to vikjene er usikre før folkerøystinga 23. mai. Ei kommunesamanslåing med Voss og Aurland er aktuell, men då meiner mange det må koma ein tunnel gjennom det hyppig stengde Vikafjellet, som skil Vik og Voss kommunar.

– Plutseleg stengjer fjellet. Det skjedde til dømes i natt, og då kjem me oss ikkje sørover til Voss (kommunesenteret i ein eventuell storkommune). Omkøyring tek då tre timar kvar veg, seier Nyland Risløw.

– Ingen grunn til å stressa

Mange plassar i landet ønskjer folk ei avklaring frå Regjeringa om dei får den vegen, den brua eller den tunnelen som kan knyta ein ny storkommune naturleg saman.

Vedum helsar på Klakegg

«SEI NEI»: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum reiser denne våren land og strand rundt for å åtvara mot kommunesamanslåingar. Her vitjar han Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Viss til dømes ny bru er vilkår for å slå seg saman, må folk og kommunepolitikarar venta til brua er på plass, før dei bestemmer seg, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Vedum meiner innbyggjarane ikkje må la seg pressa av Regjeringa sin kommunereformfrist 1. juli:

– Få alle brikkene på plass, før du bestemmer deg.

«Styrkjer forhandlingsposisjonen»

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ønskjer ikkje å kommentera saka og viser til Frank Jenssen, kommunalpolitisk talsperson for Høgre på Stortinget.

Generelt meiner Jenssen at samanslåing styrkjer kommunane i den harde kampen om vegmilliardane.

Frank Jenssen, kommunalpolitisk talsmann i Høyre

STØRRE OG STERKARE: – Nye storkommunar står i ein betre forhandlingsposisjon mot staten, men eg kan per i dag ikkje seia kva konkrete prosjekt som blir skunda fram av den grunn, seier Frank Jenssen, kommunalpolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Stortinget skal vedta både kommunereforma og ein ny nasjonal transportplan neste vår. Statssekretær Grete Ellingsen (H) i KMD sa rett før jul at det naturleg å vurdera nye kommunegrenser som eit element i arbeidet med transportplanen.

Men slike signal er lite verdt når slaget om vegkronene verkeleg står, seier Vedum:

– Det går det ikkje an å stola på før pengane er på plass. Budsjettkampen i ei regjering er beinhard.

Veit aldri om du kjem over fjellet

Tilbake i Sogn har storkommunen Vik/Voss/Aurland fått positive skottsmål i ein fagrapport frå Telemarksforsking.

Voss storkommune

EIN SØKKRIK KOMMUNE: Ein storkommune Voss og kraftkommunane Vik og Aurland vil få om lag 19.000 innbyggjarar, og ha Voss som sentrum.

Men problemet for denne samanslåinga er den verutsette Vikafjellsvegen. Ambulansesjåfør Gunnstein Fjellheim, som ofte køyrer pasientar over høgfjellsvegen til Voss sjukehus, veit ein del om nettopp det:

– Seinast i natt var eg over fjellet med sjukebilen og kom meg så vidt attende til Vik, før fjellet blei stengt. Så å bestemma om me skal høyra til Voss eller Sogn – når me ikkje veit om me får trygg tunnel – blir vanskeleg.