Hopp til innhold

Folk badar i drikkevatnet

I Balestrand badar folk i drikkevasskjelda. Skulda får sesongarbeidarane.

Åge Skrede, som er driftsansvarleg for drikkevatn og avløp i Balestrand, seier dei fleire gonger i sommar har funne attgløymde handklede like ved drikkevassinntaket.

- Eg er overraska, for folk må jo tenkje sjølv. Vi har eit stort skilt der det står klart og tydeleg på norsk og engelsk at dette er drikkevatn, seier han.

 - Er overraska

Men likevel har det i løpet av sommaren vore fleire som har lete seg friste til eit bad i drikkevasskjelda til Balestrand, skriv Sogn Avis.

-  I utgangspunktet skulle ein tru at det var nok å skilte med at det er eit drikkevatn, og at folk då let vere å bade i det, seier han. 

- Ikkje farleg

Skrede seier han ikkje mistenker fastbuande for å stå bak badinga, men seier dei reknar med at det er tilreisande sesongarbeidarar. Han understrekar at sjølv om nokon har brukt drikkevasskjelda som badeplass i sommar, så meiner han at badinga ikkje vil føre til helseproblem for dei som drikk vatnet.

- No har det ikkje den heilt store betydninga for drikkevatnet, for det vert reinsa. Men det går på det kjenslemessige at folk badar i drikkevatnet, seier han.