Hopp til innhold

Hallvard følgjer langrennsdraumen i Alaska

Medan broren Thomas la skia på hylla i fjor, søkte Hallvard Sørheim Evjestad nye impulsar i Alaska for å følgje langrennsdraumen. – Eg angrar ikkje eitt sekund på at eg reiste, seier 21-åringen.

Hallvard Sørheim Evjestad

AVGJORDE: Hallvard Sørheim Evjestad vart henta inn av ein løpar på 6,5 km, men greidde å rykkje frå igjen siste kilometeren inn mot mål.

Foto: Logan Hanneman

21-åringen frå Gaupne har kunne hatt snø under skia sidan 4. oktober og «leverte varene» allereie i debuten for skilaget til University of Alaska Fairbanks.

I langrennssporet forsvarte Hallvard Sørheim Evjestad uttaket der han gli rett inn på laget.

– Det er tøff konkurranse om plassane, og då er det viktig å bevise for trenarane at eg fortener å vere der, gliser han.

Imponerte trenarane

For lustringen vann både fellesstarten, og sprintstafetten han gjekk saman med tyske Logan Hanneman. Slikt imponerer hovudtrenar Scott Jerome.

Hallvard Sørheim Evjestad

JUBEL: Hallvard Sørheim Evjestad strekkje armane i veret over sigeren i debutrennet.

Foto: Grant Wilson

– Hallvard er ein ekstremt flittig studentutøvar. Han førebur seg på å konkurrere med stor omhug og er forplikta til laget og lagkameratane, noko som gjer det svært tilfredsstillande sjå han vinne, seier han til laget sine nettsider.

For ein utøvar som fekk fjorårssesongen spolert av ein virussjukdom i oppkøyringa, smakte suksessen svært godt.

– Du får betalt for knallharde treningsøkter og dei mange morgonane du står opp for å «hogge asfalt», seier Sørheim Evjestad til NRK.no.

Siktar mot landstoppen

21-åringen har funne seg godt til rette i Fairbanks. Han studerer til bachelor innan business, men langrennssatsinga har førsteprioritet.

Dagane går i trening, trening, trening – og litt skule. I Alaska har han funne både motivasjon og inspirasjon til å følgje draumen sin.

– Eg ynskjer å vere i landstoppen på sikt, men legg også lista høgare enn det. No er det utruleg moro å drive med langrenn, og eg ser heller ingen grunn til at andre skal bli betre enn meg, seier han og meiner å ta nye rette steg gjennom opphaldet i Fairbanks.

– VM?

– Ein skal ikkje bli overraska over om eg deltek i VM. Eitt eller anna år ...

Angrar ikkje eitt sekund

– Eg gir meg sjølv fem års tid, så får ein sjå. Eg trur eg har ein del å hente på mange område, men ein kan ikkje rekne med å nå toppforma før ein er over 30 år. Så eg har mange år å gjere det på, seier held han fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hallvard Sørheim Evjestad

FULL FRES: Hallvard Sørheim Evjestad rykkjer frå ved start på 7,5 km friteknikk.

Foto: Logan Hanneman

Sogningen gjekk to av åra på vidaregåande skule ved toppiddrettsgymnaset på Lillehammer. Siste tok han i Sogndal. I Alaska får han stipend frå skulen som dekkjer det meste av utgiftene .

– Tilbodet var for godt til å seie nei til, og eg angrar ikkje eitt sekund, seier han.

Få alternativ i Norge

Det 12 mann store universitetslaget for herrar, som i tillegg til Jerome blir trena av Christina Turman. Sørheim Evjestad er ikkje den einaste utlendingen på laget. Her finn ein både ein tsjekkar og tre tyskarar.

Utan tilbodet frå universitetet måtte han skrapa saman nok sponsorpengar til å kunne halde fram satsinga i Norge

– Kva alternativ hadde du hatt om du ikkje takka ja?

– Eg hadde måtte stått for treninga sjølv. Her må du satse, du må møte og leggje ned arbeidet på treningane. Eg var klar for å satse.

– Kva med private lag i Norge?

– Der er det vanskeleg å komme seg inn. Dessutan er det lite med lag på Vestlandet.

Lokale renn i jula

Sørheim Evjestad reknar ikkje med å gå særskilt mange renn på norsk jord. I alle fall ikkje denne sesongen. I statane blir det ikkje nye renn før 4. januar når det er nasjonalt meisterskap i Houghton, Michigan.

– Det blir gjerne nokre lokale renn i juleferien. Elles blir det her eg vil konkurrere, seier han og avsluttar.

– Her gjeld det å komme så høgt på lista som mogleg. Og få stadfesta framgangen.