NRK Meny
Normal

Følgjer beredskapen tett

Rasulykka i Balestrand og den nær endelause rekkja av stengde vegar har sett heile beredskapsapparatet i Sogn og Fjordane i krisemodus.

Sentralt i arbeidet står fylkesberedskapssjefen hos Fylkesmannen.

Var i krisemøte klokka 14

– Slik som situasjonen er no, har nok Balestrand vore kommunen som er hardast råka. Men vi har ein løpande dialog med Statens vegvesen, Helse Førde, politiet og NVE, seier fylkesberedskapssjefen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Sjå bileta frpå helikopteret

SJÅ VIDEO: Ein geolog var oppe i helikopter for å få eit oversyn etter raset.

Reiste til Balestrand

I samband med den store rasulykka i Balestrand, der eit sambuarpar i 50-åra er sakna, og 10 personar er evakuerte, har Fylkesmannen hatt kontakt med kommunen og prøvd å gitt støtte.

– Det handlar blant anna om å støtte opp om kommunen, at dei har nokre å diskutere handteringa av saka med. Fylkesmann Oddvar Flæte har sjølv vore involvert og reiste til Balestrand i dag tidleg, fortel Stensvand.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Flom i Angedalen

ANGEDALEN: Fleire hundre personar er isolerte i Angedalen i Førde.

Foto: Jonas Sætre/NRK

Støtte og koordinering

Samstundes som Balestrand opplever ein rein unntakssituasjon, har på det meste 33 vegar vore stengde rundt om i Sogn og Fjordane. Det har gitt store utfordringar for beredskapen. Mellom anna er innbyggjarane både i Veitastrond i Luster og i Angedalen i Førde avskorne frå omverda på grunn av stengde vegar

– Ei våre viktaste oppgåver er å prøve å halde oversikt over korleis situasjonen totaltsett er i fylket. Vi skal vere eit nav mellom dei ulike etatane for å få ei best mogleg koordinering, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Dystre vêrmeldingar

Han blir ikkje oppløfta over det meteorologane har å komme med. Store nedbørsmengder er framleis venta inn over fylket.

– Ei av utfordringane no er at vi har ei vêrmelding som tyder på at også det neste døgnet blir vanskeleg.

– Veitastrond ei utfordring

Ras i Veitastrond

VEITASTROND: Nær 100 personar er isolerte i Veitastrond i Luster.

Foto: Kjell Egil Nes

Stensvand er spesielt uroa over beredskapen for dei kring 100 innbyggjarane på Veitastrond. Dei er vande med at vegen ofte er stengd i løpet av vinteren, men luftputebåten som brukar å vere innbyggjarane sin naudveg ut av bygda, er sett ut av drift.

– Det er ein konkret situasjon med tanke på Veitastrond. Her ser det ut som det kan gå endå ei tid før vegen kan opnast, og samstundes er luftputebåten på reparasjon. Dersom det skulle oppstå ein situasjon på Veitastrond, så kan det by på utfordringar, vedgår Stensvand.

Liv og helse først

Fylkesberedskapssjefen seier liv og helse har prioritet nummer éin.

– Det vil det ha for alle etatar. Sjølv om helsevesen, politi, desse blålysetatane som er ansvarlege for å drive redningsteneste og innsats for å berge liv og helse, så ser ein at i dette arbeidet så blir veldig mange andre involvert. Eit godt eksempel hadde vi i dag då Statens vegvesen lånte ut sin geolog til Balestrand, der det handla om å gjennomføre ein redningsaksjon. Så fekk heller stengde vegar vente. Slik sett synest eg det dokumenterer veldig godt prioriteringa av liv og helse.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.