Hopp til innhold

Følgde ikkje ordre under redningsaksjonen

AURLAND (NRK): I august brann det for andre gong på to år i Gudvangatunnelen. I dag var det tid for å evaluere korleis brannen vart handtert.

Evaluering brann Gudvangatunnelen

SAMLA FOR Å LÆRE: Vegvesenet og naudetatane var i dag samla for å dele erfaringar etter bussbrannen i Gudvangatunnelen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det gledelege er at det har vore ein evne i etatane til å lære frå førre brann. Ting er gjort betre – og til dels veldig mykje betre – denne gongen, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand etter møtet i Aurland i dag.

I august brann ein svensk turistbuss 500 meter inn i Gudvangatunnelen, på Flåm-sida. 37 personar vart evakuerte. Fem vart frakta ut av tunnelen med dels alvorlege skader, men skadeomfanget vart etter kvart nedgradert.

Til trass for den positive hovudkonklusjonen, har etatane som var samla i dag kome fram til fleire ting dei kan bli betre på om det verste skulle skje igjen.

Misforståingar og sambandsutfordringar

Den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen ligg i Aurland kommune, nær fylkesgrensa til Hordaland og heller ikkje langt frå grensa til Buskerud. I det ligg utfordringar, seier fylkesberedskapssjefen.

– I tunnelar og innsatsområde i grenseland mellom ulike fylke, ulike politidistrikt og ulike helseområde, kan samhandlinga bli endå tryggare og betre. Det blir nokre misforståingar her og der, nokre sambandsutfordringar her og der, seier Stensvand.

Arne Johannessen og Haavard Stensvand

NAUDNETT: Både regionlensmann Arne Johannessen og fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand trur det nye naudnettet vil gjere at dei siste manglane vert retta opp.

Foto: Noralv Pedersen / nrk

Ordre vart ikkje følgd

Undervegs i ein stor redningsaksjon vil fleire og fleire naudetatar og mannskap kome til etter kvart. Nettopp her ligg eit forbetringspotensial etter årets brann, seier regionlensmann Arne Johannessen.

– Vi må ta godt i mot dei, sette dei raskt inn i situasjonen og få dei raskt i arbeid. Det handlar også om samhandling mellom alle etatane og tydeleg ordregjeving.

For evna til å ta i mot ordre fungerte ikkje optimalt, seier Johannessen. Når politiet som innsatsleiar gav instruksar vart dei ikkje alltid følgde.

– Vi har eit konkret døme når det gjeld helikopter og landing, for å få på plass røykdykkarar. Det skulle vore handtert på ein annan måte, seier han.

Fekk gitt beskjed til bilistar via radio

Også Statens vegvesen fekk fleire kritiske merknader frå havarikommisjonen etter brannen for to år sidan.

– Tunnelen var godkjent etter krava i 2013, og no er han rusta opp etter nye krav. Det har vi fått verknad av. Vi snakka på FM-radiosambandet for å gje informasjon til bilistar og vogntog om å snu, seier Svenn Finden i vegvesenet

Brann Gudvangatunnelen

RØYKDYKKARAR: Her er røykdykkarane utanfor tunnelen, og til høgre er ein bom som går automatisk ned ved brann.

Foto: NRK

I 2013 fekk vegvesenet også kritikk for mangel på automatiske skilt for å åtvare bilistane.

– No var alle slikt på plass, både varsling og bommar ute, og snuskilt seks stader inne i tunnelen, seier Finden, som legg til at arbeidet med å snu røyken vekk frå dei som var inne i tunnelen fungerte denne gongen.

Trur naudnettet vil løyse mykje

Både Haavard Stensvand og Arne Johannessen trur det nye naudnettet vil gjere stor forskjell i framtidige redningsaksjonar.

– Når alle naudetatane er oppe og går på det nye naudnettet trur eg dei siste tinga som no ikkje fungerte, vil falle på plass. Det er eit utruleg bra system, som ikkje alle er oppe å går på i dag, seier Johannessen.

– Kva etatar er det som ikkje har teke det i bruk?

– Per no er det berre politiet som er offisielt oppe. Brannvesenet brukte det, men er ikkje fullt oppe og har ikkje fått all opplæring. Potensialet vart ikkje teke ut i denne situasjonen, men det gjer vi neste gong, seier regionlensmannen.