Pappa følgde gull-Johannes direkte frå KrF-møte

BALESTRAND (NRK): Medan Johannes Thingnes Bø (21) gjekk inn til sitt første VM-gull på seniornivå, sat ein rørt pappa Klemet Bø og følgde med løpet live frå fylkesårsmøtet i KrF!

Klemet Bø feirar sonen sitt gull

FEIRA MED MØTE: Klemet Bø er ikkje berre faren til Tarjei og Johannes, han er også aktiv KrF-politikar.

– Det er ville tilstandar både her på hotellet og heime i Stryn no, sa ein jublande gullvinnar-pappa til NRK då resultatet var klart.

Johannes knuste all motstand og detroniserte verdseliten under sprinten i skiskyttar-VM i finske Kontiolahti laurdag. I tillegg klarte storebror Tarjei å hente heim bronsemedaljen.

– Eg har vore med så lenge på dette at eg veit at av og til går det stong inn og av til stong ut. I dag gjekk det stong inn. Dette går inn på meg også, sa Klemet Bø, medan sønene gret av glede om kvarandre i Finland.

Nokon vil kanskje synest det er spesielt at han prioriterte fylkesårsmøtet i Kristeleg folkeparti i Sogn og Fjordane, framfor å vere på stadion. Men Klemet Bø forsikrar at han med si erfaring, taklar begge deler.

– Det kan hende det går bra fordi vi ikkje er der, kan hende dei hadde vore meir nervøse om dei ikkje hadde vore der! seier Bø.

På skiskyttarstadion i Kontiolahti pressa tårene på både for gullvinnar Johannes og bronsevinnar Tarjei.

– Det er skikkeleg stort! Å vinne gull er morosamt, det blir enda meir emosjonelt når Tarjei er der. Han har kjempa for å vere topp 50 i år, og tar bronse. Det er alt for masse å be om, seier veslebror Johannes.

Dag Erik Pedersen intervjuer Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø.

STERKE KJENSLER: Tarjei og Johannes klarte ikkje å halde tårene tilbake etter løpet der dei sikra seg gull og bronse.

I sosiale medium blir innsatsen til Bø-brørne hylla over alt no laurdag ettermiddag!

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold