Hopp til innhold

Godset-stopparen sat ringside då favorittklubben sikra opprykket

HØNEFOSS (NRK): Gustav Valsvik visste jammen å plukke rette kampen når han skulle sjå Sogndal live for første gang i år. I går jubla han for tidlegare lagkameratar.

Gustav Valsvik

DOBBELT: Søndag såg Gustav Valsvik (i midten) gamleklubben Sogndal ta steget opp att i eliteserien. Og Strømsgodset held godt grep om bronsemedaljen i toppdivisjonen – poenget bak Stabæk på sølvplass. – Eg har sett mange Sogndal-kampar på TV, men no tenkte eg at eg måtte sjå ein live, seier Valsvik.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Midtstopparen frå Vik tok pause frå medaljetoktet til Strømsgodset, og tok turen til Hønefoss for å sjå gamleklubben spele seg opp att i eliteserien.

– Må jo sjå kor gamleklubben klarer seg. Det er spennande med Bakke som trenar, eg kunne godt tenkt meg å ha han sjølv som trenar, og eg har framleis kompisar og kjenner så å seie alle som er der, seier Gustav Valsvik (22).

Vil spele i Sogndal

NRK møter den tidlegare Sogndal-bautaen i pausen mellom Hønefoss og Sogndal. Gjestene har ikkje prestert optimalt, men leiar likevel 2–1. I Bergen er Åsane i ferd med å slå Kristiansund 2–0. Noko som også betyr at Sogndal til neste år skal ete kirsebær med dei beste norske laga.

Deriblant Strømsgodset.

– Det hadde vore stas å få komme tilbake til Fosshaugane og spelt mot dei i eliteserien, seier Valsvik.

– Banka Sogndal-hjartet ditt då dei scora?

– Sjølvsagt. Eg har vore Sogndal-supportar sidan eg var liten. Eg held med dei. Eg gjer det.

Trenarbyte

Vikjen reiste i fjor sommar til Drammen og «Gamle Gress». Etter fem sesongar og over 80 kampar for Sogndal. Etter variable resultat vart trenar David Nielsen erstatta av Bjørn Petter Ingebretsen. Ein trenar som også var i klubben under Ronny Deila.

Sidan då har kurva peika ein veg. Fredag festa dei grepet om bronsemedaljen – og knappa inn forspranget til Stabæk på sølvplass.

– Tida var inne for å ta neste steg. Og Godset har vore midt i blinken for meg. Det er høgare nivå, eg har fått mange utfordringar, fått utvikla meg og teke eitt par steg til, seier Valsvik.

Meir spelande

I Godset-trøya har 22-åringen vist at han ikkje berre er solid i duellane, men også blitt langt meir spelande og offensiv i spelestilen.

– Det er litt naturen, slik som Godset spelar. Her er du ikkje forsvarsspelar, men angrepsspelar sjølv om du spelar midtstoppar fordi du startar angrep. Så det er ei heilt anna verd enn slik vi spelte i Sogndal siste åra eg var der. Eg er blitt meir ven med ballen for å seie det slik, seier han.

– Men blir Drammen stoppestaden din?

– Vi får sjå. Vi er i toppen av eliteserien, og det har alltid vore draumen min. Eg trivast godt i Drammen og har det veldig fint no, men eg er 22 år og føler eg har framtida føre meg. Så får tida vise om eg utviklar meg vidare og kanskje tek steget vidare ein gang.