Det blir botn mot topp når Sogndal møter Brann i Bergen kl. 18. Etter to veker med landslagspause blir dette ein viktig kamp for Sogndal om dei vil halde seg i eliteserien.
– Vi har gjort vår jobb desse to vekene med pause, så vi har førebudd oss godt til denne kampen, seier Sogndal-keeper Mathias Dyngeland.
Etter tre strake tap fekk Sogndal eit kjærkome pusterom då dei slo Kristiansund BK, men framleis er det berre fire poeng ned til kvalikplass.
– Vi må ta poeng i Bergen uansett om det er eitt eller tre. Då må vi heve oss på bortebane, seier Dyngeland.
Vårens oppgjer på Fosshaugane enda 3–2 til Brann.
Medan du ventar på kampen kan du lese desse sakene frå tidlegare:
- Les også:
- Les også:
- Les også: