Hopp til innhold

No kan du følgje valnatta i sosiale medium

I kveld kan du halde deg oppdatert på alt som skjer når partitoppane i Sogn og Fjordane samlar seg til valvake i Førde. Og vi vil gjerne at du deltar aktivt!

Geir Bjarte Hjetland

GLER SEG TIL VALNATT: Geir Bjarte Hjetland er ansvarleg for sosiale medium i NRK Sogn og Fjordane. No gler han seg til å følgje resultatet av valet i dag.

Foto: Marie Osland / NRK

Via sosiale medium som Facebook, Twitter og Instagram vil NRK Sogn og Fjordane leggje ut stort og smått frå valnatta.

– Samstundes inviterer vi lesarar og lyttarar til å delta aktivt med kommentarar til det som skjer, anten det er på Twitter eller Facebook, seier ansvarleg for sosiale medier i NRK Sogn og Fjordane, Geir Bjarte Hjetland.

I tillegg har vi ei fototevling i kveld, der vi rett og slett oppmodar folk om å sende inn bilete med temaet "Slik er vår / min valkveld".

– Det kan vere alt frå at du har benka deg framfor TV-skjermen med eit glas med noko godt i, eller du rett og slett prioriterer heilt andre ting, seier Hjetland.

Slik deltek du i tevlinga:

  • Post bilete på Instagram med taggane #nrksf og #nrkvalg
  • Post bilete på NRK Sogn og Fjordane si Facebook-side. Tagg dei med #nrksf og #nrkvalg

– Vi vonar at flest mogleg blir med og følgjer oss i kveld, både her på NRK.no, på vår direkte radiosending på P1 og på sosiale medier. Det blir eit spennande val, også for oss her i Sogn og Fjordane, seier Geir Bjarte Hjetland.

Laster Twitter-innhold