Følg UKM direkte heile helga

240 ungdommar skal i helga opptre og stille ut kunstverk under Ungdommens kulturmønstring i Førdehuset. Du kan følgje alle konsertane direkte i nett-TV.

Konsert 2 søndag - UKM 2015 i Sogn og Fjordane
Signe Fuglesteg Luksengard og Gunnhild Årdal

TA GJERNE KONTAKT: NRK-reporterane Signe Fuglestag Luksengard og Gunnhild Årdal er på plass under UKM. Ta gjerne kontakt med dei i Førdehuset.

I løpet av fire konsertar kan du få med deg over 80 sceneinnslag. I tillegg er det ei utstilling med 60 kunstverk

Vi sender alle konsertane direkte i nett-TV. Det er medielinja ved Sogndal vidaregåande skule som sørgjer for bileta. Du kan også sjå konsertane i opptak etter kvart.

I løpet av helga blir alle innslaga klippa ut, slik at du kan dele din opptreden med familien og venner.

Følg oss gjennom helga!

NRK er til stades i Førdehuset og legg fortløpande ut biletgalleri og videoar på nettsida vår. Du får også gode historier med dei unge i Førdehuset denne helga.

Du kan også følgje oss på Facebook, Instagram og Snapchat – nrksf.

nrksf på sosiale medium

FØLG OSS: Gjennom helga kan du følge UKM på Snapchat, Facebook og Instagram - nrksf.

Slik er programmet i helga:

Laurdag 18. april

11:00 Kunstutstillinga opnar i Førdehuset

13:00 Sjå alle innslaga frå første konserten her

19:00 Sjå alle innslaga frå andre konserten her

Søndag 19. april

12:00 Sjå alle innslaga frå tredje konserten her

17:00 Sjå konserten

Dei som går vidare

Måndag morgon klokka 8 får du vite kven som går vidare til landsmønstringa. Høyr på radiosendinga vår eller følg med på nettsida vår – nrk.no/sf.

Gå til forsiden

Bli med backstage på UKM

Intervju backstage med Ingvild og Tea

Bli med backstage på UKM

10 bilder

    Vi legg ut bilete og video på Snapchat i løpet av UKM i Førdehuset.

    NRKSF: Camilla og Ingeborg frå Sogndal vidaregåande skule sørger for at du kan sjå alle UKM-konsertane direkte i nett-TV! No er vi også på Snapchat, legg oss gjerne til - nrksf.

    Rigging til UKM i Førdehuset

    RIGGING: Elevar ved Sogndal vidaregåande skule gjer alt klart før det brakar laust. Du kan sjå alle konsertane direkte i nett-TV.

    Foto: Steinar Lote / NRK
    Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
    Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
    Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.