Hopp til innhold

Følg kampen spark for spark her

Etter fem kampar utan tap i Tippeligaen er Sogndal nok ein gonge klare for kamp. Denne gongen mot Tromsø på Alfheim stadion.

Sogndal feirar mål

STAMNESTRØ SKÅRA: Sogndal feirar Magnus Stamnestrø sitt 2-0-mål mot Tromsø søndag.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Sogndal startar med dette laget:
Erik Dahlin - Eirik Skaasheim, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Taijo Teniste - Malick Mane, Rune Bolseth, Ruben Holsæter, Magnus Stamnestrø - Ulrik Flo, Azar Karadas.

På benken sit Leif Lysne, Bjørn Inge Utvik, Ørjan Hopen, Ricardo Santos, Anders Hella, Stian Dyngeland og Kristoffer Nesse Stephensen

Etter dei siste fem kampane står Sogndal med to sigrar og tre uavgjort. Laget ligg som nummer sju på tabellen, langt over der dei er spådd.

Søndag kveld møter dei Tromsø, og assistenttrenar Tom Mangersnes tek for gitt at Sogndal skal halde fram med å vere vanskelege å slå.

– Fram til no i år har vi i alle fall stått fram som eit lag som er veldig vanskeleg å slå, og det reknar eg med vi også vil vere i dag, seier han.

To poeng framfor Tromsø

Tom Mangersnes

OPTIMIST: Assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes, seier Tromsø er ei nøtt å knekke på heimebane, men tek for gitt at Sogndal også skal vere vanskelege å slå.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Før dagens runde i Tippeligaen ligg Tromsø to plassar bak Sogndal, med to poeng mindre. Men Mangersnes seier tabellstatus har lite å seie for det som skjer på bana.

– Vi veit at vi er i ein tippeliga der alle kan slå alle. No er vi framfor Tromsø på tabellen, vi får fleire poeng enn dei og vi har vel vore to poeng betre enn dei i halve sesongen. Men ting kan snu seg fort, så vi har ikkje noko fokus på tabellplassering.

Og Tromsø er ikkje det enklaste laget å slå, i alle fall ikkje på heimebane, meiner assistenttrenaren.

– Dei har ein spelestil som passar veldig godt på ein hurtigkunstgrasbane. Det er meld ti-tolv grader med regn i morgon, og då er Tromsø ei nøtt å knekke, men vi har laga ein kampplan på og vi har ei spelargruppe som er i god form. Det er litt konkurranse om plassane på laget og høg intensitet på trening, så det ligg til rette for at gode ting kan skje for oss i kveld, seier Mangersnes.

Har stabilisert seg

Det er ikkje tvil om at laget har stabilisert seg på eit godt nivå halvveges ut i sesongen. Mangersnes seier det heng saman med det som skjer kvar dag på trening, og at sentrale spelarar har vore friske over tid.

– Det er det ofte slik at når ein får trent jamt og styrt belastinga og kva den enkelte gjer på trening kvar dag og dei tinga også går i ein positiv retning, får vi ein sjølvtillit i spelargruppa. seier han.

– Nokre konkurrerer for å få speletid og andre må vere skjerpa kvar dag for å halde konkurransen unna og behalde plassen sin. Samstundes er alle først og fremst oppteken av at det viktigaste er ikkje ein sjølv, men laget, og då har ein moglegheit til å prestere over tid.

Flo har spelt sin siste kamp

Men sjølv om dei fleste spelarane har heldt seg friske er Per Egil Flo framleis ute med skade. Det vil seie at han har spelt sin siste kamp for Sogndal i denne samanheng. For når overgangsvindauget opnar på måndag er han blitt Molde-spelar.

I tyrkisk media har det også blitt spekulert i om Malick Mane er på veg til Tyrkia, men Sogndal Fotball vil ikkje bekrefte noko om det.

– Det er jo ein gang sånn at når Sogndal plutseleg presterer godt og leverer gode resultat, samstundes som vi har ein del unge og lovande spelarar, så er det klart at det kan bli ein interesse rundt spelarane vår. Men det er ingenting konkret som vi har å melde i den saka, seier Mangersnes.