Hopp til innhold

Følg Tour des Fjords på nett-TV

I dag går første etappe i sykkelrittet Tour de Fjords. Du kan følgje løpet og folkefesten direkte på nett-TV.

Vi sender direkte frå Balestrand. Rørvikfjellet, Vassenden og Førde.

DIREKTE I NETT-TV: Rett før løpet starta i Balestand. Vi følgjer syklistane vidare på turen mot Førde.

– Det blir tusenvis av folk langs løypa og vi skal vere der for å fange folkelivet og stemninga, seier Linda Olin Reite som er produsent for sendinga.

190 km – frå Balestrand til Førde

Det er aller første gong det store rittet er innom Sogn og Fjordane. 120 syklistar frå 21 land deltek i løpet. Mellom dei er Edvald Boasson Hagen frå Norge, Lars Boom og Pieter Weening frå Nederland og danske Chris Anker Sørensen.

Etappen vil gå frå Balestrand til Førde via Gaularfjellet, Rørvikfjellet, Moskog, rundt Jølstravatnet og ha målgang i Førde sentrum. Etappen vil bli på totalt 190 km.

Her på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane kan du følgje folkelivet langs sykkelløypa med ei eiga nettsending frå klokka 12:50.

Skal vise seg fram for Tour des Fjords-syklistane

VANNSKI: Når syklistane kjem til Vassendene, kan dei vente seg vannski-show.

Slik er sendeplanen i nett-TV:

  • Klokka 12:50-13:30: Balestrand. Løpet startar kl. 13:20
  • Klokka 15.15-15:45: Rørvikfjellet
  • Klokka 16:00-16:20: Vassenden – første passering
  • Klokka 17:00-17:20: Vassenden – andre passering
  • Klokka 17:30-18:15: Førde
  • (Tidene kan bli endra, alt etter kva fart syklistane held i løypa)

Følg oss gjennom dagen gjennom i nett-TV, sosiale medium, nettsaker, biletgalleri, radio og TV. Merk gjerne bileta dine på Facebook og Instagram med #nrksf.

Morgonsendinga blei sendt frå Balestrand frå 06:03-09:00, og også dagsendinga frå 14:03-17:00 fangar det som skjer langs løypa og i målområdet i Førde.

Sjå starten på Tour des Fjords i Balestrand

STARTEN: Slik såg det ut når syklistane starta i Balestrand.

Tour des Fjords held fram torsdag med start i Gulen og avsluttar i Stavanger søndag.