Hopp til innhold

Følg styremøtet direkte

I dag er det styremøte i Helse Førde med det omdiskuterte budsjettet som tema.

Styremøte i Helse Førde

Klart for styremøtet i Helse Førde på Sunnfjord hotell.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Du kan følge styremøte direkte i nett-TV.

Då får du svar på alle spørsmål knytt til kor mykje pengar føretaket skal bruke, kva dei reknar med av inntekter, kva dei tek opp i lån og korleis dei skal spare 55 millionar.

Driftssituasjonen i Helse Førde vert karakterisert som svært utfordrande. I budsjettet for 2010 må helseføretaket kutte millionar av kroner.

Skal Helse Førde klare å tilfredsstille resultatkravet på 40 millionar kroner i underskot, må styret onsdag kutte 2010-budsjettet med 55 millionar kroner i forhold til inneverande år.

Sjå styremøtet direkte i nett-TV frå klokka 9