NRK Meny
Normal

Haugesund-spiss skåra på fyrste ballberøring

SOGNDAL (NRK): Sogndal var best i 1. omgang, men i 2. omgang har Haugesund vore farlegast frampå.

Sogndal - Haugesund

VINN DUELLANE: Haugesund styrer 2. omgang mot Sogndal.

Foto: Christian Blom / Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal-trenar Eirik Bakke har teke ut dette laget til heimekampen mot Haugesund på Fosshaugane Campus i kveld:

Mathias Lønne Dyngeland–Even Hovland (K), Kjetil Wæhler, Reiss Greenidge–Eirik Skaasheim, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Joachim Soltvedt–Gilbert Koomson, Martin Ramsland, Eirik Schulze

Ingen stopparpar har fleire landskampar i enn Sogndals nye stopparduo. Even Hovland og Kjetil Wæhler kan slå i bordet med 56 landskampar til saman.

Ti år har gått sidan Even Hovland debuterte for Sogndal fyrste gong. I kveld blir han igjen å sjå i kvit og svart drakt. I mellomtida har midtstopparen spelt for Molde og tyske Nürnberg og har dessutan skaffa seg 24 landskampar for Noreg.

Hovland har trent med Sogndal etter at han ikkje fekk forlenga proffkontrakten med Nürnberg i vår, og måndag signerte han for klubben.

Gode på eige gras

Mange lag har ein motstandar som av uforklarlege grunnar alltid trekkjer det lengste strået i interne oppgjer. For Haugesund heiter dette laget Sogndal. Dei blå og kvite har ikkje vunne i Sogndal sidan 2009.

Sogndal ligg på 13.-plass, rett over kvalifiseringsplassen. Haugesund er på 5.-plass med ein kamp mindre spelt.

Sogndal har berre vunne ein av dei siste fire kampane, men heimestatistikken er meir lysteleg. Laget har kapra ti av 15 poeng på Fosshaugane dei fem siste heimekampane.

Laster innhold, vennligst vent..
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå