NRK Meny
Normal

Følg Sogndal direkte: Møter tabellnabo på heimebane

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Både Sogndal og Lillestrøm har hatt ein svak poengfangst i serien til no. Her kan du følgje kampen med tekstoppdateringar og på radio.

Eirik Bakke på benken under Fjøra-Sogndal

MYKJE Å TENKA PÅ: Sogndal-trenar Eirik Bakke har fleire utfordringar knytt til laguttaket mot Lillestrøm, grunna fleire skader i laget.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Saka vert oppdatert.

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal står berre med ein siger på sine fem første kampar i årets eliteserien. Den kom på heimebane mot Stabæk i andre serierunde. Lillestrøm på si side vann årets første seriekamp og så har dei tapt resten.

Sogndal har fleire spelarar som er usikre grunna skade, og til Sogn Avis seier trenar Eirik Bakke at dei ikkje vil ta sjansen på å bruka Martin Ramsland om han ikkje er 100 prosent frisk. Ramsland stod ikkje på lista over dei 11 som speler frå start, men Taijo Teniste er tilbake på høgrebacken.

Desse 11 startar:

SOGNDAL (4-5-1): Mathias Dyngeland–Bjørn Inge Utvik, Per Magnus Steiring, Christophe Psyché, Taijo Teniste–Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Henrik Furebotn, Chidiebere Nwakali, Eirik Schulze–Bendik Bye

Benken: Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Victor Grodås, Ulrik Fredriksen, Simen Brekkhus, Fredrik Flo, Johan Hove

Fram til då kan du lesa desse sakene, om du gjekk glipp av dei:

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.