NRK Meny
Normal

Følg Sogndal direkte: Klart for Vestlandsderby

Sogndal står med to sigrar og ein uavgjort til no i mai månad. I dag ventar rivalen Brann på Fosshaugane. Her kan du følge kampen på radio og med tekstoppdateringar.

Eliteserien fotball 2016: Sogndal - Brann.

TØFFE TAK: Eirik Birkelund i knallhard duell med Brann-spelar Azar Karadas under fjorårets lokaloppgjer mellom Sogndal og Brann.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Saka vert oppdatert.

Laster innhold, vennligst vent..

Etter ein tøff start på årets sesong, med fire poeng på seks kampar, har Sogndal no tatt sju poeng på dei tre siste. Seinaste 16. mai då dei tok ein sterk bortesiger mot Molde. Motstandar Brann kjem frå to strake sigrar, med ni scora mål.

Så litt historiske tal. Sogndal og Brann har spelt mot kvarandre 17 gongar på Fosshaugane i obligatoriske kampar. Det har enda med 11 sigrar til Sogndal, fire uavgjorte og to tap. Kampen mellom laga på Fosshaugane i fjor haust enda uavgjort 0–0 og Brann måtte spela store delar av kampen med ein mann mindre, etter at Bismar Acosta vart utvist.

Begge laga startar med dei same 11 spelarane som spelte førre kampe:

Sogndal: Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Per Magnus Steiring, Kjetil Wæhler, Ulrik Fredriksen - Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Lars Christian Kjemhus - Eirik Schulze, Martin Ramsland.

Brann: Piotr Leciejewski – Amin Nouri, Vito Wormgoor, Bismar Acosta, Ruben Kristiansen – Fredrik Haugen, Sivert Heltne Nilsen, Kristoffer Barmen – Gilli Rólantsson, Jakob Orlov, Daniel Braaten.

Direkte fra Sogndal.

Følg kampen direkte på radio, med kommentator Inge Kjell Holme.

Medan du ventar på kampen kan du lese desse sakene frå tidlegare:

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.