Hopp til innhold

Følg Sogndal direkte: Kan hamne under nedrykksstreken med tap

Sogndal ligg på trygg plass før den 27. serierunden, men kan hamne under nedrykksstreken med tap mot Strømsgodset. Her kan du følge kampen direkte, både i tekstoppdateringar og på radio.

Eliteserien fotball: Sogndal - Sarpsborg 08.

SKUFFA: Sogndal leia 3–1 heime mot Sarpsborg i førre serierunde, men to mål i mot på slutten gjorde at dei rota vekk to livsviktige poeng.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Kveldens motstandar er det store formlaget i eliteserien og har meldt seg på i medaljekampen. Kampen mellom laga på Fosshaugane i vår enda med poengdeling.

For Sogndal er situasjonen ein heilt annan. Før kampen ligg dei på 13.-plass, men berre målforskjellen heldt dei vekke frå kvalifiseringsplassen som Tromsø har. Tromsø møter fortapte Viking på heimebane, og den kampen kan du også følge her. Vinn Tromsø, samtidig som Sogndal går på eit tap, vil Tromsø gå forbi og sende Sogndal ned på kvalifiseringsplassen.

Og om Aalesund skulle ta ein etterlengta siger, borte mot Lillestrøm måndag kveld, kan Sogndal i verste fall ligge på direkte nedrykk etter den 27. serierunden.

For Sogndal er ikkje Gilbert Koomson med på kampen. Han er heime i Ghana i gravferd, skriv Sogn Avis. Mohamed Fofana får sin debut frå start sentral på midten på plassen til Chidiebere Nwakali som er benka.

Sogndal stiller med desse 11 frå start:

Mathias Lønne Dyngeland – Bjørn Inge Utvik, Even Hovland, Kjetil Wæhler – Taijo Teniste, Didé Fofana, Eirik Schulze, Ole Martin Rindarøy – Bendic Bye, Martin Ramsland og Stanisa Mandic

Størmsgodset har desse 11:

Espen Bugge Pettersen – Lars Vilsvik, Jakob Glesnes (k), Marius Høibråten, Jonathan Parr – Tokmac Nguen, Henning Hauger, Francisco Junior, Eirik Ulland Andersen – Bassel Jradi – Marcus Pedersen

Her kan du følga heile den 27 serierunden, også kampen mellom Sogndal og Strømsgodset.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..