Hopp til innhold

Følg Sogndal direkte

Sogndal leiar med to mål etter 63 minutt spelt.

Jon Midttun Lie, Lars Grorud og Rune Bolseth
Foto: Steinar Lote / NRK

Etter 63 minutt spelt leiar Sogndal med to mål over Haugesund.

Det var Espen Olsen som heada ballen i mål etter corner i frå Per Egil Flo.

Første målet kom etter 42 minutt spelt. Då var det Henrik Furebotn som sette ballen inn i det lengste hjørnet.

Tett i tabelltoppen

Serieleiaren frå Sogndal har teke turen til Rogaland for å møte laget som no ligg på 3. plass på tabellen.

Haugesund kunne teke teten i midtveka, men klarte berre 1-1 mot Hønefoss. Sogndal måtte også nøye seg med 1-1 då dei møtte Bryne sist søndag. For halvannen veke sidan slo Sogndal ut Haugesund cupen.

Det er tett på tabelltoppen der Sogndal har 25 poeng, Kongsvinger 24 og Haugesung 23 poeng etter 12 serierundar.

Følg tekstoppdatering minutt for minutt

Følg kampen mellom Sogndal og Haugesund direkte i nett-TV her