NRK Meny
Normal

Følg Sogndal - Start direkte

Klokka 18 er det avspark i den viktige kampen mellom Sogndal og Start.

Even Hovland

MÅ SJÅ PÅ: Even Hovland er framleis ikkje speleklar.

Foto: Steinar Lote / NRK

Begge laga ligg langt nede på tabellen og treng tre viktige poeng.

Trenar Harald Aabrekk har teke ut troppen som skal møte Start på Fosshaugane. Kaptein Even Hovland er framleis ikkje speleklar . Han har stått over fleire kampar etter ein strekk i muskulaturen. Heller ikkje Tore Andre Andre er speleklar til dagens kamp.

Dette er laget som mest truleg startar på banen:

Kenneth Udjus - Mats Goberg Solheim - Vegard Heggenes Gjermundstad - Per Egil Flo - Ahyee Aye Elvis - Henrik Luggenes Furebotn - Eirik Bakke - Ole Jørgen Halvorsen - Cato Hansen - Ørjan Hopen - Isak Scheel.

I tillegg er desse med i troppen:

Ulrik Flo - Joe Bendik - Eivind Daniel Røed - Gustav Valsvik - Thomas Eriksen Ness - Espen Næss Lund - Tonny Brocmann Christiansen

Vi kjem med fyldig dekning av kampen når den er slutt.