NRK Meny
Normal

Følg Skåla Opp direkte i nett-TV

Laurdag går årets versjon av motbakkeløpet Skåla Opp av stabelen i Loen. NRK sender løpet direkte i Nett-TV.

Følg skåla opp 2014 direkte på nett.

Løpet startar 28 meter over havet ved Tjugen i Loen, og løparane må deretter ta seg opp til Skålatårnet som ligg på 1848 meter over havet.

Over 1900 prøver seg

Motbakkeløpet Skåla Opp er svært populært og rekna som det tøffaste i landet. Over 1100 har meldt seg på i trimklassen og arrangøren trur på folkefest i løypa. I konkurranseklassen er det 800 deltakarar og denne blei fullteikna for lenge sidan.

Fjorårsvinnar i dameklassa, Inger Liv Bjerkreim Nilsen, får i år knallhard konkurranse av spanske Laura Orgue som hittil har vunne alt ho har stilt opp på. Også dei norske toppløparane May Britt Buer og Merete Weng stiller til start.

Blant herrane er det tyrkiske Ahmet Arslan og Jonathan Wyatt frå New Zealand, samt Thorbjørn Thorsen Ludvigsen som er dei heitaste vinnarkandidatane.

Følg sendinga frå 09:50

Tre kamera følgjer løparane; ved starten, midten av løypa og på toppen. Sendinga blir krydra med videoar frå tidlegare løp og Skålatårnet.

Sendinga startar klokka 09:50 og du kan følgje dei spreke motbakkeløparane mot toppen. Sportsjournalist i Firda, Stig Roger Eide, er ekspertkommentar på sendinga. Jan Heggheim er med sidekommentar.

Sendinga blir også vist på storskjerm i startområdet.

Dette er Skålatårnet

I 1891 bygde doktor Hans Henrik Gerhard Kloumann eit tårn på toppen av fjellet Skåla. Den tynne lufta høgt over havet var tenkt å gjere folk med tuberkulose friske. Kloumann var den som la første hand på verket på det som no har blitt ein spektakulær sti til himmels. Dei seinare åra har sherpaer frå Nepal for å reparere og utbetre stien opp til toppen av Skåla. Motbakkeløpet Skåla Opp såg dagens lys i 2002

Og det runde tårnet har verkeleg blitt eit populært turmål. Torsdag blei det kåra til den mest originale turisthytta i Norge på UT.no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.