Følg politikarane sin skuledebatt

Politikarane diskuterer no den framtidige strukturen for vidaregåande skule.

Fylkesutvalet for opplæring

DEBATT: Medlemene i opplæringsutvalet vil i dag gje si tilråding til fylkesutvalet.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Hovudutval for opplæring vil i dag lande på si tilråding til fylkesutvalet om korleis den vidaregåande skulen bør vere organisert i framtida.

Med venta nedgang i elevtalet og innsparingsbehov på minimum 70 millionar kroner, vil endringar tvinge seg fram.

– Eg ser at ein har nådd eit innsparingskrav som kanskje held til 2016 utifrå dei tala vi veit. Då vil fylkestinget på det tidspunktet sjå på skulesituasjonen på nytt og gjere nye vedtak, sa utvalsleiar Norvall Nøringset (SV) til NRK i natt.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Sogn og Fjordane Fylkeskommune Web-TV» i nytt vindu

Bergar skular

For etter at ordførarane i Sogn og Sunnfjord semja om å la skulane i Luster og Jølster få merke sparekniven, vart ordførarane i Nordfjord i natt samde om ein fordeling som gjer at også Stryn vidaregåande skule får leve vidare.

Politikarane vil også berge ein annan nedleggingstruga skule, Høyanger.

– Dette er «minstesamsmultiplum». Det er slikt ein har brukt mykje tid på å diskutert mellom dei ulike parti. Når ein no kom fram til dette, så får det vere eit utgangspunkt for dei vidare drøftingar, seier Nils P. Støyva på veg til møtet tysdag morgon.

– Kan bli justeringar

Løysinga for nordfjordordførarane var at Måløy, Eid og Firda gav avkall på litt kvar slik at det blir nok tilbod til å behalde skulen. Stryn skal få studiespesialisering, bygg- og anlegg, helse og oppvekst, service og bil.

Samstundes ynskjer politikarane idrettsline i Florø, Sogndal og på Sandane.

– Betyr dette at det framleis kan bli rokkeringar mellom skulane, men at hovudbodskapen om at Stryn og Høyanger skal bestå, ligg fast?

– Den ligg fast, men det kan framleis bli nokre småjusteringar, seier Støyva.

Vil spare Hordalandsavtalen

Gruppeleiar for Sp, Jenny Følling, seier til firda.no at dei ynskjer at Høyanger får tilbod i studiespesialisering, line for teknisk/industriell produksjon (TIP) og eventuelt ei elektroline.

Avisa skriv også at media/kommunikasjon skal til både Sogndal og Førde, at byggfag skal tilbake til Florø og at matfag skal bli verande i Sogn, i byte mot elektro i Førde. Design og handverk skal tilbydast i Førde.

Det skal også vere politisk fleirtal for å behalde den mykje omtala Hordalandsavtalen som gjer at elevar i Gulen/Solund kan gå på skule i Hordaland.