NRK Meny
Normal

Følg Lillestrøm - Sogndal direkte

I dag kjempar Sogndal for tre nye poeng i bortekampen mot Lillestrøm.

Ruben Holsæter

HÅPER Å FÅ PRØVD SEG: Ruben Holsæter (her i Førde-drakt) håper å komme innpå for Sogndal i dag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Oppgjeret på Åråsen startar klokka 18. Med 20 poeng på 19 kampar ligg Sogndal rett over nedrykksstreken på tabellen i eliteserien.

Hovlan klar igjen

Trenar Harald Aabrekk har no teke ut laget som startar på bana. Even Hovland er tilbake etter skade og stiller på første-elleveren samen med Kenneth Udjus, Mats Solheim, Isak Scheel, Per Egil Flo, Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Ørjan Hopen, Ahyee Aye Elvis, Eirik Bakke og Cato Hansen.

Joe Bendik, Gustav Valsvik, Ruben Holsæter, Tonny Brochmann Christensen, Vegar Gjermundstad, Thomas Eriksen Ness og Ulrik Flo startar på benken.

Holsæter håper å komme innpå

Ruben Holsæter frå Førde er med i troppen for første gong. Den offensive midtbanespelaren startar på benken og svært klar til å prøve seg på bana.

– Eg håper eg kjem innpå i dag, seier 19-åringen.

Han kjem frå 2. divisjonsklubben Førde og har no fått sjansen på eit høgare nivå. Denne veka med treningar har gått bra og han fortel om eit godt trykk på treningane.

– Eg merkar at dette er i ein annan divisjon, med litt meir styr rundt det. Men det er veldig artig og det hadde vore kjekt å få prøvd seg i dag.

– Korleis trur du det går i dag?

– Eg trur vi tek poeng, men er ikkje sikker på om det blir eitt eller tre. Vi ventar oss ein tøff kamp, men vi er i siget.

Lillestrøm ligg på 5. plass på tabellen med 33 poeng etter 19 kampar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.