NRK Meny
Normal

Følg kampen spark for spark

Følg kampen mellom Sogndal og Hønefoss spark for spark frå klokka 20:05.

Jone Samuelsen (t.v.) og Ruben Holsæter
Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Tenar Jonas Olsson og resten av trenarteamet har teke ut denne startoppstillinga til kveldens kamp mot Hønefoss.

Erik Dahlin, Taijo Teniste, Hannu Patronen, Gustav Valsvik, Per Egil Flo, Malick Mane, Sidy Sagna, Rune Bolseth, Ruben Holsæter, Ulrik Flo og Azar Karadas.

På benken: Leif Lysne, Bjørn Inge Utvik, Anders Hella, Eirik Skaasheim, Magnus Stamnestrø, Ørjan Hopen, Ricardo Santos.

Føre kveldens kamp ligg Sogndal på 8. plass med 19 poeng. Hønefoss ligg på 12. plass med 14 poeng.

Sogndal håper på fulle tribunar og folkefest då dei tek imot Hønefoss i kveld.

Arrangementssjef Geir-Inge Heggestad i Sogndal Fotball trur på over 5000 på tribunen i kveld. Snittet hittil i år har vore på 3200.

– I kveld blir det ekstra kjekt å spele fotball. Dette blir ein festkveld og eg trur på tre poeng til Sogndal, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.