Normal

Lada opp til bortekampen med friskt bad

Følg kampen mellom Haugesund og Sogndal direkte frå klokka 18.

Ruben Holsæter

EINASTE UTI VATNET: Ruben Holsæter er ein skikkeleg friskus og lada opp til kveldens kamp med eit bad på turen mot Haugesund.

Foto: Arne Stubhaug,NRK/Sogndal Fotball

Sogndal-spelar Ruben Holsæter kasta seg ut i vatnet på veg mot Haugesund. Han var den einaste som våga seg uti då laget hadde eit stopp langs vegen.

– Det gjekk fint det, var ikkje så veldig kaldt heller, ler han.

Har fått mykje skryt

Få timar før kampstart veit han enno ikkje om han får plass på laget som entrar bana.

– Eg håper eg får spele slik eg har gjort dei siste fem-seks kampane. Eg føler det har losna veldig for meg. Trenarane har gitt meg mykje positive tilbakemeldingar og det hjelper klart på sjølvtilliten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndalsspelar Ruben Holsæter tek seg ein kald dukkert i Hardangerfjorden på veg til Haugesund.

SJÅ VIDEOEN: Friskusen Ruben Holsæter badar på veg mot kampen i Haugesund. Han var den einaste som våga seg uti vatnet. Foto: Sogndal Fotball.

Møter godt heimelag

Sogndal-spelarane har akkurat hatt ei treningsøkt med 16 grader i lufta, overskya og vindstille. Assistenttrenar Tom Mangersnes seier det er perfekt fotballver og Sogndal er klare til å møte eit lag som har gjort det veldig godt heime.

– Samstundes er Haugesund eit lag vi trur skal passe oss OK å spele mot, både måten dei og vi framstår på, seier han.

Trur på open kamp

Tom Mangersnes
Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Etter at laget tok sju poeng på åtte dagar, gjekk dei på ein smell då dei tapte 16. mai-kampen mot Strømsgodset.

Assistenttrenar Mangersnes trur det blir ein open kamp sjølv om Haugesund er favorittane.

– Det er vår jobb å lukke kampen og få den våre premissar. Det handlar om å få eit kampbilete som passar oss.

Bolseth tilbake

Rune Bolseth var sjuk 16. mai-kampen og er no tilbake på laget. Per Egil Flo er framleis ute med skade og også Espen Næss Lund er skadd.

– Vi går ikkje ut med laguttaket før nærare fem, men eg kan seie at Bolli er tilbake.

Med sju kampar på 20 dagar har Sogndal hatt ein utfordrande periode.

– Mai er ofte ein travel månad, men alle vi sender ut på bana i dag har både 16. mai-kampen og alle dei andre kampane ute av kroppen. No ventar 90 minutt med hard jobbing.

– Trur du på tre poeng i kveld?

– Vi er nøydde til å tru på det før kvar kamp. Det er jamt og spennande i tippeligaen i år. Vi ser kvar einaste runde at det kjem uventa resultat. Eg vil seie vi har hatt ein god periode og no ventar nye moglegheiter.

Strømsgodset - Sogndal

TRUR PÅ TRE POENG: Sogndal måtte reise heim frå Drammen utan poeng 16. mai. I dag håper dei å ta alle poeng mot Haugesund.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Vegopning på Bergum i Førde kommune