Hopp til innhold

Følg Fredrikstad - Sogndal direkte

Sogndal ligg under 2-0 etter at Fredrikstad skåra i det 74. minutt og 89. minutt.

Even Hovland
Foto: Rune Fossum/NRK

Etter første omgang stod det 0-0 i kampen mellom Fredrikstad og Sogndal.

Sogndal spelar med 10 mann etter at Mats Solheim måtte ut i det 38. minutt på grunn av to gule kort.

SJÅ KAMPEN I NETT-TV FRÅ KLOKKA 19.00

Framfor dagens kamp borte mot Fredrikstad ligg Sogndal fire poeng framfor Ranheim på tabelltopp.

Med siger vil Sogndal skaffe seg ei luke på heile sju poeng ned til Ranheim på andreplass - og opprykk kan vere nærmare enn på lenge.

Kampen mot Fredrikstad skulle i utgangspunktet ha vore spelt i mai, men grunna spelarar på landslagsoppdrag vart oppgjeret utsett.

DU KAN FØLGJE KAMPEN MINUTT FOR MINUTT HER

Dette er laget under kveldens kamp:

Piotr Leciejewski - Per Egil Flo - Even Hovland - Lars Grorud - Eivind Daniel Røed - Henrik Furebotn - Ole Jørgen Halvorsen - Elvis - Mats Solheim - Espen Olsen - Ulrik Flo

Desse startar på benken:

Joseph Bendik - Gustav Valsvik - Isak Scheel - Ørjan Hopen - Tommy Øren - Håvard Flo