Hopp til innhold

Følg folkemøtet direkte i nett-TV

160 personar er framleis evakuerte i Flåm. Klokka 12 blir innbyggjarane orienterte om stoda etter flaumen. Du kan følgje møtet direkte i nett-TV.

Orienteringsmøte for dei evakuerte i Flåm Samfunnshus. Informasjon om status for innflytting og arbeid med infrastrukturen.

SJÅ DIREKTE: Følg orienteringsmøtet i Flåm direkte frå klokka 12.

På møtet i samfunnshuset blir det informasjon om status for innflytting og på arbeid med infrastruktur.

– Etter møtet kan ein truleg vende tilbake til 40 av dei evakuerte husa, seier innsatsleiar Reinhard Sørensen i Aurland kommune.

Men først må vegen fram til den flaumherja bygda ryddast.

– Vi vil gå inn med anleggsmaskiner for å prøve å opne vegen i dalen, seier han.