Hopp til innhold

Følg Florø direkte: Skadeplaga Florø møter nytt topplag – kjem årets første heimesiger?

For andre heimekamp på rad møter Florø ein av dei store opprykksfavorittane. Her får du oppdateringar på dei viktigaste hendingane.

Florø jublar for 1-0

JUBEL?: Florø har spelt fire heimekampar etter opprykket til førstedivisjon, men har framleis ikkje klart å vinna på eige gras.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Siste: Fardal Opseth utlignar for Bodø/Glimt, stillinga er 1-1. I byrjinga av andre omgang sat Monir Benmoussa straffespark, og sendte Florø i leiinga 1-0. Rett etter scoringa, får Benmoussa sitt andre gule kort, truleg på grunn av munnbruk.

Åtte serierundar er spelt, og Florø ligg no rett over nedrykksstreken. For etter den sterke 2–1 sigeren borte mot Fredrikstad har det blitt to tap på rad. Først tapte dei 4–1 heime mot Start og på 16. mai vart det 1–0-tap borte mot Åsane.

Florø har store skadeproblem og ifølgje Firda-live må dei klara seg utan Kristoffer Ryland, Halvor Solheim Olsen, Christer Husa, Andre Reksten og Endre Kupen, medan Stefan Aase soner karantene.

Florø stiller med desse 11 frå start:

FLORØ (4-3-3): Nicklas Frenderup, Runar Ullaland Hove, Kim Ødegård Vik, Vegar Gjermundstad, Christopher Lindquist, Simen Reksten Solheim, Erlend Ullaland Hove, Peter Aase, Rashad Muhammed, Truls Hovland, Monir Benmoussa.

Florø ligg på 12.-plass, men det er berre to poeng ned til Jerv som ligg på kvalifiseringsplass.

Laster innhold, vennligst vent..