Hopp til innhold

Følg Florø direkte: Korleis greier dei seg utan Rashad?

FLORØ (NRK): Seks strake sigrar har blitt til to strake tap for Florø. Du kan følgje seriekampen mot Mjøndalen her.

Endre Kupen - Florø-Mjøndalen

Endre Kupen bomma først på ein kjempesjanse, men minuttet etter sende han Florø i leiinga.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..
  • Lagoppstilling ligg lengre nede i saka.

SISTE:

63 minutt: Florø har tatt Endre Kupen av bana for å gje Torbjørn Aabrekk sjansen. Men måla renn likevel inn. Oliver Rotihaug fekk godt treff frå 25 meter og ballen rulla inn til 5–0.

33 minutt: Kupen på farten igjen. Med fire mann på seg vert han lagt i bakken i straffefelte og dommaren peika på 11-meteren. Kupen tok straffa sjølv og scora sitt fjerde mål.

25 minutt: Endre Kupen. Hat-trick. På 25 minutt! Vert nok ein gong spelt gjennom åleine med keeper etter ein glimrande pasnign får Halvor Solheim-Olsen og frå skrått hald sett han inn sitt og Florø sitt tredje mål for kvelden.

19 minutt: Kven andre? Endre Kupen er frampå igjen. Etter å ha runda ein forsvarsspelar hamra han ballen i nettaket bak ein sjanseløs Mjøndalen-keeper.

5 minutt: Men det skulle berre ta eit drygt minutt til før Kupen fekk nok ein sjanse. Denne gongen gjorde han ingen feil og sende Florø i leiinga med eit velplassert skot. Stemninga på Florø stadion er elektrisk.

4 minutt: Begge laga gjekk ut i hundre. Først hadde Mjøndalen ein dobbelsjanse, men Nicklas Frenderup vart opp med to kjemperedningar. Så plukka han opp ballen og sende den langt opp på Endre Kupen som kom aleine gjennom med Mjøndalen-keeper Sousha Makani, men i ukjend Kupen-stil bomma han.

Men trass i to strake tap, Florø ligg framleis på femteplass og det gjev rett til spel om kvalifisering til opprykk. Kveldens kamp er den tredje på sju dagar, og spelarane har hatt lange reiser til både Kristiansund og Kristiansand.

Trenaren er spent på korleis dette slår ut.

– Eg er ekstra spent sidan vi har vore så mykje på reise og spelt så mange kampar på kort tid. Men Mjøndalen har spelt like mange kampar. Det blir sikkert tett og jamt, så får vi prøve å vippe det i vår favør.

Tidlegare på kampdagen vart Florø-ving Rashad Muhammed avbilda av Sarpsborg Arbeiderblad på trening med eliteserieklubben Sarpsborg 08 og franskmannen kan ha spelt sin siste kamp for klubben.

Florø stiller med dette laget.

FLORØ (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christopher Lindquist, Runar Hove, Vegard Gjermundstad, Christer Husa–Halvor Solheim-Olsen, Luc Jeggo, Peter Aase,–Oliver Rotihaug, Endre Kupen, Monir Benmoussa.

Medan du ventar på avspark kan du lesa desse sakene frå arkivet:

Muhammed trente med Sarpsborg 08

Florø-trenar Terje Rognsø stadfestar at Rashad Mohammed etter alt å dømme har spelt sin siste kamp for Florø. I dag er Mohammed i Sarpsborg for å forhandle om ein personleg kontrakt med eliteserieklubben Sarpsborg 08.

– Det stemmer. Han er i Sarpsborg for å sluttføre forhandlingane om ein eventuell overgang. Klubbane er samde, og no står det på ein medisinsk sjekk og at han og klubben blir samde om ein kontrakt. Går det i orden, blir han Sarpsborg-spelar.

Overgangen vart stadfesta av Sarpsborg 08 onsdag ettermiddag.

Viktig spelar

Rashad Mohammed har vore ein svært viktig spelar for Florø i år. Han har hatt svært mange målgivande pasningar og skapt mykje bry for motstandarane med farten sin.

– Det blir spennande å sjå korleis den som skal erstatte han gjer det. Vi håpar nokon tek opp hansken, og vi har vore førebudde på at dette kom til å skje, seier Rognsø.

Dei 11 i blått og svart som entrar det fine graset på Florø stadion klokka 19 må uansett prøve å snu ein trend med to strake tap i cup og serie.

Først vart eliteserieklubben Kristiansund eit lite hakk for store, då dei enda draumen om kvartfinale i cupen førre onsdag, med ein 1–0-siger. Søndag var det nok ein tøff bortekamp, då topplaget Start vann 2–0.

Laster innhold, vennligst vent..