NRK Meny
Normal

Følg Florø direkte: Klart for årets siste heimekamp

FLORØ (NRK): 75 dagar har det gått sidan Florø sist vann ein fotballkamp. I sesongens siste heimekamp møter dei Strømmen, og her kan du følge kampen.

Florø Fotball, Endre Kupen

TØFF BEHANDLING: Endre Kupen scora mål på bestilling i sommar, men i dei siste kampane har det gått tyngre. Her i ein tøff duell mot Åsane i sist heimekamp som enda 1–1. Det har gått 450 minutt sidan han sist scora. Losnar det mot Strømmen.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Siste:

87 minutt: Klabb og babb etter ein corner og ballen hamnar hjå Stefan Aase som pirkar inn ei redusering. 5–1 til Strømmen no.

72 minutt: Kristian Jahr er altfor seint ute i ei takling på Florø-spelar Alioune Ndour. Dommaren er raskt oppe med det raude kortet.

68 minutt: Corner til Strømmen. Florø får ikkje klarert og nok ein gong sviktar det i markeringa. Steinar Strømnes sett inn 5–0.

63 minutt: Nok ein gong får ein Strømmen-spelar stå umarkert i feltet. Ulrich Ness får ballen på på 5-meteren etter eit innlegg frå kanten og han sett enkelt inn 4–0.

55 minutt: Nok ein gong vert Florø-forsvaret statistar. To Strømmen spelarar får stå heilt umarkert og Stian Rasch vert spelt gjennom. Tredje gong bortelaget kjem ein mot ein med Florø sin keeper, og det står 3–0.

48 minutt: Hårreisande forsvarsspel av Florø. Strømmen kjem på ei kontring og Florø-forsvaret prøver å sette Ulrich Ness i offside, men mislukkast totalt. Aleine gjennom med keeper gjer Strømmen-spelaren ingen feil og auka leiinga til 2–0.

37 minutt: Der kom det ein sjanse og den er stor. Endre Kupen får ballen inne i feltet, vender opp og skyt. Men avslutninga går rett på keeper.

35 minutt: Det skjer lite no. Florø har ballen mest, men det meste av spelet skjer på midtbana. Lite sjansar å rapportere om.

20 minutt: Florø køyrer kontring i stor fart og innlegget frå Lindquist finn Aabrekk på bakre stolpe. Han avsluttar på volley og sett ballen i vinkelen, men vert vinka av for offside. Eit fantastisk angrep av heimelaget.

11 minutt: Så kjem kampens første scoring. Simen Berg Melby vert spelt gjennom på 16 meteren og avsluttar iskaldt opp i hjørnet bak ein sjanselaus Nicklas Frenderup i Florø-målet.

9 minutt: Florø har tatt over styringa i kampen. Hatt nokre småsjansar. Den største etter eit langskot frå Christer Husa som keeper måtte gje retur på, men forsvaret fekk til slutt rydda opp.

2 minutt: Strømmen er nære på etter ei heading, men Florø sin keeper frå slått ballen til corner. Florø har også vore farleg frampå med ei kontring, men innlegget gjekk over målet og ut.

Åtte kampar utan siger. Det er status for Florø fotball om dagen. Men plassen i divisjonen er sikra, så det vert nok ein sesong med førstedivisjonsspel for laget frå kystbyen. Strømmen er dagens motstandar og då laga møttest i den andre serierunden enda det 1–1.

Florø ligg førebels på ein åttande plass, men det er berre tre poeng ned til Jerv på 11.-plass. Plasseringa på tabellen betyr ingenting i forhold til fornya kontrakt i divisjonane, men for klubben som har blant dei minste budsjetta i serien skil det ein del kroner mellom 8.-plass og 11.-plass.

Kampen har avspark klokka 12.00 og Florø stiller med dette laget.

Florø (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christer Husa, Simen Reksten Solheim, Vegard Gjermundstad, André Frøyen Reksten, –Luc Jeggo, Stefan Aase, Torbjørn Aabrekk–Halvor Utkilen Solheim-Olsen, Endre Kupen, Christopher Lindquist.

Medan du ventar på kampen kan du lesa desse sakene frå arkivet:

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.