Hopp til innhold

Tre viktige poeng på heimebane

FLORØ (NRK): Eit heimelag på poengjakt dominerte store delar av kampen mot Ull/Kisa på ei regntung fotballbane.

Florø

VIKTIGE POENG: Etter dagens siger ligg Florø på ein ellevteplass på tabellen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Starten var svak, men det ville vore eit ran om Ull/Kisa skulle reist heim med poeng. Vi drar det i land, og det var fullt fortent, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Kampen enda 3 – 1 til Florø på ein dag der regnet gjorde bana tung ute i kystbyen. Første omgang var jamspelt fram til ei pasning frå Endre Kupen som Rashad Muhammad sette i mål. Kort tid seinare fekk Ull/Kisa straffe, då Luc Jegge stogga Vetle Dragsnes på ulovleg vis.

Rett før pause fekk heimelaget straffe. Målsikre Endre Kupen tok Florø opp i leiinga 2–1.

– Det var straffemål og ikkje eit skikkeleg mål, seier ein litt skuffa Kupen.

Spissen slo opp ein strekkskade tidlegare i år, og var ute i fleire kampar.

– Formen kjem sakte, men den er på veg opp. Den tunge grasbana tok energien frå oss, seier han.

Rashad

FØRSTE MÅLSCORAR: Rashad Muhammad scora kampen sitt første mål.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Seks corner på åtte minutt

Etter pause pressa Florø hardt frå start. På åtte minutt hadde heimelaget heile seks corner. Ballen kom aldri i mål, trass i fleire farlege sjansar.

Halvvegs i omgangen måtte Mounir Benmoussa ut med skade.

– Eg trur det var ein liten smell. Det tar nok nokre dagar, så er han tilbake igjen, seier Rognsø.

Stillinga var 2–1 heilt fram til overtid då dommaren la til fire minutt. Innbytar Kristoffer Ryland kom aleine mot keeper, men sende ballen vidare til Stefan Aase som banka den i mål.

– Målet burde kome lenge før. Vi er stressa i poengjakta, så då er det nokre spelarar som gjer dumme val.

Florø

SENKA ULL/KISA: Stefan Aase og Kristoffer Ryland jublar over kampens siste mål.

Foto: Truls Kleiven

Med 3–1 mot Ull/Kisa tok Florø sin fjerde strake heimesiger. To av dei i cupen og to i serien. Laget ligg på ellevteplass, tre poeng over nedrykksstreken.

Laster innhold, vennligst vent..