NRK Meny
Normal

Følg Florø direkte: Får Florø-keeperen rett?

Sandnes Ulf får tøff motstand i Florø i kveld. Før 24 minutt er spelt har heimelaget skåra to mål - begge signert Runar Hove. Ti minutt ut i andre omgang har Vegard Gjermundstad også notert seg på skåringslista for heimelaget.

Nicklas Frenderup, Florø fotball

OPPTUR: Nicklas Frenderup og Florø Fotball fekk ein solid opptur i cupkampen mot eliteserielaget Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Eit Florø-lag proppa av sjølvtillit møter jaktar sesongens første heimesiger mot Sandnes Ulf i dag.

Laget frå kystbyen har gått fire kampar på rad utan poeng, og har framleis til gode å vinne på eige gras.

Men etter cuptriumfen mot Sogndal på onsdag, kan årets første heimesiger etter kvart vere rett rundt hjørnet.

– No har det snudd for oss. No skal vi gje gass. Vi slår Sandnes Ulf, sa ein skråsikker Nicklas Frenderup etter cuptriumfen.

Han står i buret når Florø i kveld startar med denne 4-1-4-1-formasjonen:

Nicklas Frenderup – Christopher Lindquist, Runar Hove, Vegard Gjermundstad, Christer Husa – Luc Jeggo – Rashad Muhammed, Stefan Aase, Peter Aase, Truls Hovland – Mounir Benmoussa.

Laster innhold, vennligst vent..
Florø-jubel

JUBEL: Får Luc Jeggo, Monir Benmoussa, Oliver Rotihaug og Christopher Lindquist meir å juble for mot Sandnes Ulf?

Foto: Truls Kleiven

Sjølv om det har blitt smått med poeng til no i år, har ikkje Florø stått fram som noko kasteball i debutsesongen i 1. divisjon. Derimot har laget lidd stort av å vere norsk toppfotballs mest ineffektive lag framfor motstandarmålet og gåvmilde framfor eige mål.

Dagens motstandar, tabellfirar Sandnes Ulf, er på si side som venta i toppen, men kjem til Florø med tre kampar på rad utan siger. Dei har også hatt ei veke fri etter at dei vart slått ut av cupen i 2. runde.

Kjell Rune Sellin

TOPPSCORAR: Tidlegare Rosenborg-spelar Kjell Rune Sellin har scora seks mål for Sandnes Ulf.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

– Forhåpentlegvis er Florø litt slitne og trøytte i beina, noko vi forhåpentlegvis kan utnytte. Men vi må vere på, for ingenting kjem gratis, seier toppscorar Kjell Rune Sellin til klubben sine nettsider.

Alle fotballkampane kan du også følgje direkte i 4-4-2 Radiosporten på P1:

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.