NRK Meny
Normal

Følg direkte: Topp mot botn på Fosshaugane

SOGNDAL (NRK): Det eine laget jaktar medalje, det andre kjempar om å unngå nedrykk. Her kan du følge kampen mellom Sogndal og Molde direkte.

Eliteserien fotball 2017, Molde - Sogndal.

Sogndal-spelar Kjetil Wæhler etter Sogndals 2-1-seier i Molde 16. mai.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal er på desperat poengjakt for å halde seg i divisjonen, medan Solskjær sine menn er lystne på medalje.

I førre runde kunne Sogndal reise frå Ålesund med eit smil om munnen etter 1–0 siger. Med seg til Fosshaugane har Molde tre sigrar på rad i serien og 40 poeng i bagasjen.

Fredag slo Kristiansund Brann 4–0, eit resultat som passar utmerka for Ole Gunnar Solskjær og Molde som jaktar medalje. Ikkje like bra for Sogndal, som kjempar med blant anna Kristiansund om å unngå nedrykk.

Då laga møttest 16. mai i år var det Sogndal som til slutt trakk det lengste strået og vann kampen 2–1. Men for heimelaget sin del må dei klara seg utan Eirik Schulze og Martin Ramsland som må stå over med karantene grunna gule kort. Og duoen frå Sørlandet scora måla for Sogndal då dei slo Molde tidlegare i år.

SOGNDAL (3–4–3): Mathias Dyngeland – Even Hovland, Reiss Greenidge, Ulrik Fredriksen – Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Victor Grodås – Gilbert Koomson, Bendik Bye, Stanisa Mandic.

MOLDE (3–5–2): Andreas Linde – Stian Rode Gregersen, Vegard Forren, Babacar Sarr – Christoffer Remmer, Fredrik Aursnes, Mathias Normann, Martin Ellingsen, Petter Strand – Bjørn Bergman Sigurdarson, Thomas Amang.

Her kan du høyre kampen direkte på radio i 4-4-2-radiosporten.

Laster innhold, vennligst vent..
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast