Følg direkte: Kan Sogndal slå Odd etter to vekers ferie?

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Grunna landslagspausen har eliteserien hatt pause i to veker. Her kan du følge Sogndal-Odd i tekstoppdateringar og på radio.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Sandefjord.

MEIR JUBEL?: Sogndal-spelarane var i godt humør etter 3–2 sigeren mot Sandefjord for to veker sidan.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

  • Saka vert oppdatert.
Laster innhold, vennligst vent..

– Eg slite med eit dårleg kne, men håpar å vera på plass att til neste helg, seier Kjetil Wæhler til NRK, om skaden som gjer at han må stå over dagens kamp.

Med veteranen ute går Espen Næss Lund inn frå start, medan 16-åringen Johan Hove får sin debut frå start på midtbana. Heile lagoppstillinga står lengre nede i artikkelen.

Sogndal får sin andre heimekamp på rad i eliteserien, og sist kamp var 4. juni mot Sandefjord. Ein kamp dei vann 3–2.

Motstandar Odd ligg på fjerdeplass på tabellen, medan Sogndal er nummer ni. Likevel, Odd har ikkje vunne i serien sidan dei slo Haugesund 2–0 borte på 16. mai.

Her er dagens lagoppstilling for heimelaget:

SOGNDAL (3–4–3): Mathias Dyngeland - Per Magnus Steiring, Espen Næss Lund, Ulrik Fredriksen - Taijo Teniste, Johan Hove, Chidiebere Nwakali, Lars Christian Kjemhus - Gilbert Koomson, Martin Ramsland, Eirik Schulze

Benken: Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Henrik Furebotn, Bendik Bye, Simen Brekkhus, Kristinn Jónsson, Walid Atta.

Medan du ventar på kampen kan du lese desse sakene frå vårt arkiv:

Følg den 13. serierunden direkte på radio.

Laster innhold, vennligst vent..