Hopp til innhold

Sjå Fjøra-Sogndal direkte: Sogndal har full kontroll mot Fjøra

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Fjøra og Sogndal møtast i kveld til 1. runde i cupen. Du kan sjå kampen direkte her.

SJÅ DIREKTE: Følg kampen mellom Fjøra og Sogndal frå kl. 18. Vi beklagar tekniske problem med bildet frå Fosshaugane Campus.

Reporter Sondre Dalaker kommenterer kampen som startar kl. 18.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE: Nok ein gang eit langskot, og Kjemhus var tomålsscorar med eit velplassert skot frå 16-meter. 6–1 til Sogndal.

Sogndal tryggar leiinga med innbytar Simen Brekkhus, som får eit innlegg langs bakken frå Eirik Birkelund. 4–1 til Sogndal. Og få minutt seinare legg Lars Christian Kjemhus på til 5–1.

Mathias Flo reduserer for Fjøra. Heimelaget kjem på ei kontring og Bakary Traore finn Kenneth Skjerven i feltet. Han vippar ballen fint inn på bakre stolpe til Flo som vinn duellen mot Bjørn Inge Utvik og headar inn reduseringa til 1–3.

Sogndal går opp til 3–0. Lars Christian Kjemhus slår eit perfekt innlegg og Bendik Bye får ein enkel jobb på aleine på bakre stolpe, og pirkar ballen over linja.

Rett før vi passerer halvtime på Fosshaugane doblar Gilbert Koomson leiinga for Sogndal med eit velplassert skot i hjørnet frå rett utanfor 16-meteren.

«Chidi» Nwakali sende Sogndal rett i leiinga med eit praktskot frå 20 meter etter berre fem minutt spel.

3.divisjonlaget møter storebror frå eliteserien på ferda mot Ullevaal stadion. Laga har møtt kvarandre fire gonger tidlegare i første runde av cupen. Sist var tilbake i 2000 då Sogndal vann 1–0.

Lagoppstillingane er klare, og desse 11 startar for begge laga:

Fjøra (3-5-2): Håvard Follevåg Mjelleli – Henrik Solvoll Navarsete, Joar Tryti, Per Eirik Lunde – Kenneth Blomseth Skjerven, Stian Sælid Njøs, Eirik Kristoffersen, Steffen Olsen, Ørjan Hippe Sørflaten – Mathias Flo, Bakary Traore.

Benken: Emil Harloff, Karsten Ellema Bjelde, Gøran Wigum, Espen Schøn Outzen, Torbjørn Espevik Oddenes.

Sogndal (4-4-2): Tarjei Omenås – Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Per-Magnus Steiring, Victor Grodås – Nwakali, Eirik Birkelund, Lars Christian Kjemhus, Gilbert Komsoon – Fredrik Flo, Bendik Bye.

Benken: Mathias Dyngeland, Henrik Furebotn, Johan Hove, Ulrik Fredriksen, Andreas Flåten, Simen Brekkhus, Eivind Helgesen.

Sogndal står med fire poeng etter fem kampar og 11 mål i mot. Dei må klare seg utan Ole Amund Sveen som braut begge beina i venstre legg under kampen mot Stabæk.

I fjerde runde mot Vålerenga måtte Martin Ramsland ut med skade, og det er uvisst om han skal spele i dag.

Etter to kampar i 3. divisjon har Fjøra tre poeng med ein siger og eitt tap. Fjøra opna sesongen med heimesiger mot Aalesund 2, men måtte reise heim frå Møre med tap etter kamp mot Spjelkavik.

Alt ligg til rette for eit ekte nabooppgjer i Sogn mellom Fjøra og Sogndal på Fosshaugane.

Desse laga møtast i 1. runde i cupen

Onsdag 26. april. NRK sender 15 av kampane direkte:

Torsdag 27. april:

  • Skeid – Lyn
  • Førde–Florø
  • Pors–Fram
  • Bærum–Oppsal

Kampane mellom Løten-Kongsvinger og Tynset – Orkla blei spelte 24. april.