Hopp til innhold

Klubbane stadfestar: Olsen blir Sogndal-spelar

SOGNDAL (NRK): Trond Olsen (34) blir Sogndal-spelar ut 2019-sesongen.

Håvard Flo og Trond Olsen

KLAR: Håvard Flo smiler breitt etter å ha fått signaturen til Trond Olsen på kontrakten.

Foto: Sogndal Fotball

Overgangen blir i ettermiddag stadfesta av både Sogndal Fotball og Bodø/Glimt.

– Sogndal er ein god klubb i norsk toppfotball med klare ambisjonar om opprykk til Eliteserien. Eg har høyrt mykje positivt om klubben og er glad for å vere her, seier lynvingen til Sogndal sine nettsider.

– Ei viktig signering

Håvard Flo i telefonen

OPPTEKEN: – Eg har ikkje tid før tidlegast om eit par timar, sa sportsleg leiar Håvard Flo då NRK spurte om Trond Olsen tidlegare i dag. I ettermiddag vart overgangen stadfesta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Rykta byrja å gå då Avisa Nordland skreiv at Olsen ikkje var på trening i Bodø onsdag og at Sogndal er nemnd som ein mogeleg ny klubb.

NRK vart etter kvart kjent med at Olsen kom til Sogndal med fly for samtalar på Fosshaugane.

– Vi er veldig glade for å ha Trond her hos oss. Dette er ei viktig signering vi har jobba ei stund med. Trond kjem inn med mykje erfaring og er klar til å medverke, seier Flo.

Vil opp att i eliteserien

Den 34 år gamle venstrevingen står med nær 300 kampar for Bodø/Glimt, og har scora 79 mål. I tillegg har han 66 kampar for Rosenborg og 67 kampar for Viking. Olsen står med ein kamp for A-landslaget, ein treningskamp mot Ukraina for ti år sidan.

34-åringen har i tillegg vore innom Lillestrøm. No har han ambisjonar om å få Sogndal tilbake til Eliteserien.

– Eg vil bidra med å heve prestasjonskulturen i gruppa, og gler meg til å ta fatt her, seier Olsen.

Takkar Glimtlegenda

Trond Olsen

UTE I KULDA: Trond Olsen har vore ei sentral brikke og blant dei mest populære spelarane i Bodø/Glimt. Denne sesongen har han knapt vore på bana.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Venstrevingen har vore ute i kulda i Bodø/Glimt denne sesongen og har berre spelt 226 eliteserie-minutt. Tidlegare i august sa Olsen til TV 2 at han følte seg uønskt i klubben.

Også gamleklubben takkar av spelaren som over to periodar har vore ein trufast tenar etter debuten i 5-1-sigeren over Brann i 2001.

– Vi i Bodø/Glimt takkar Glimtlegenda for alt han har gjort og medverka med i klubben, og ynskjer han lukke til vidare. Trond Olsen vil alltid bety mykje for klubben, supporterane og byen, skriv dei på nettsidene sine.