Hopp til innhold

Føler seg krenka av den tiltalte

Familien til Karoline Eidslott-Svinø, som døydde i bussulukka i Fardal i fjor, skjerpar erstatningskravet, etter det dei meinar er krenkande oppførsel frå den tiltalte, svenske bussjåføren under rettssaka.

Advokat Odd Harald Hovde

SKJERPAR ERSTATNINGSKRAVET: Odd Harald Hovde er hjelpeadvokat til Karoline Eidslott-Svinø sine etterlatne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dei reagerte svært sterkt på at den tiltalte under forklaringa, slik dei oppfatta det, uttalte at han visste korleis dottera døydde, seier Odd Harald Hovde.

Hovde er bistandsadvokat for familien til Karoline Eidslott-Svinø, ein av dei to personane som omkom i bussulykka ved Fardal i Sogn i fjor sumar.

Hovde seier at familien før rettssaka hadde god kunnskap om korleis dottera deira hadde omkomme. Det gjeld både kva som skjedde, og dei skadane ho hadde. Han seier kunnskapen stammar frå studiar av politidokument som han og familien gjorde saman, og frå kontakt familien har hatt med havarikommisjonen.

– Heile familien reagerer svært sterkt på den tiltalte si forklaring. Slik dei oppfattar det utnemnde han seg sjølv som sakkunnig. Dei følte det var krekande og ei audmjuking dei som dei helst skulle ha sloppe, seier Hovde.

Støytande oppførsel under synfaringa

Under synfaringa på ulukkesstaden i går hadde familien trekt seg litt tilbake.

– Det var ein veldig tung situasjon for dei pårørande. Dei valde å trekkje seg tilbake for å vera for seg sjølve, og sørgje saman, seier Hovde.

På eit tidspunkt kunne dei frammøtte observere at den tiltalte svenske bussjåføren gjekk bort til familien og klappa faren på skuldra.

– Dei opplevde det som støytande. Den tiltalte kom rett bort til faren og dulta i han og skal visstnok ha gjeve uttrykk for ei form for unnskyldning. Dei tykte det var ei oppfølging av den haldninga den tiltalte hadde til dei. Dei følte at han då valde å agere på ein måte dei opplevde som nok ei krenking, seier bistandsadvokaten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå synfaring etter dødsulukka i Fardal.

SYNFARING: Familien meiner den tiltalte opprtredde støytande under synfaringa av ulukkesåstaden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skjerpar erstatningskravet

I morgon skal bistandsadvokaten prosedera med tanke på oppreising og erstatning. Han vil ikkje røpe storleiken på kravet før han presenterer det i retten.

– Men det kjem til å verte eit høgt krav på vegner av familien. Og eit av momenta er den tilleggsbelastninga familien meiner dei har fått i rettssaka av den tiltalte. Dei meiner det bør påverke erstatningsutmålinga, seier Hovde.

– Så du meiner hendinga på synfaringa og måten den tiltalte forklarte seg på meiner du verkar skjerpande når det gjeld storleiken på erstatningsbeløpet?

– Det er korrekt. Det er den totale belastninga som familien vert utsett for som dannar grunnlaget for erstatningsutmålinga. Og dei meiner dette er eit sjølvstendig moment i saka, som dei sjølvsagt gjerne skulle vore forutan.

Forsvarar Geir J. Kruge ønsker ikkje å kommentere utspelet frå bistandsadvokaten.

– Ser ut til at den svenske bussen forårsaka ulukka

I dag var det tid for hovudforklaringa frå trafikkteknisk sakkunnig, Arvid Aakre. Han har vurdert dokumentasjon og bevis som har vorte lagt fram i Sogn Tingrett.

– Vi har særleg basert oss på data frå fartsskrivarane i bussane. Der har vi no klart å få fire observasjonar per sekund. Då får vi ein ganske detaljert fartsprofil inn mot samanstøyten, seier Aakre.

Han seier undersøkingane viser at den norske bussen bremsa ned ganske kraftig rett før samanstøyten, og hadde låg fart etter samanstøyten.

– Bussen bevega seg berre tre til fem meter etter kollisjonen, og spora ligg tilnærma på kantlinja av vegen. Etter mi oppfatning var den norske bussen difor tilnærma på den kvite kantlinja då ulukka skjedde. I og med at vi veit at vegbreidda er stor nok til at to bussar kan passere, men ser at dei likevel kolliderte med sopass stor margin, så må det bety at den svenske bussen har vore noko nærmare midten av vegbana, seier han.

– Dermed seier du at det er den svenske bussen som er årsaka til at ulukka skjedde?

– Det skal retten vurdere. Dei må vurdere dei opplysningane dei har fått av meg. Men det kan sjå slik ut.

(Artikklen held fram under biletet)

Arvid Aakre

KLAR KONKLUSJON: Sakkunnig Arvid Aakre, meiner han har kome med ein klar konklusjon på at den svenske bussen var feilplassert.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Meiner konklusjonen er klar

Eit anna bevis som Statens vegvesen sin ulukkeskommisjon har lagt fram er eit svakt spor etter det venstre, indre bakhjulet på den svenske bussen. Forsvararen har sådd tvil om dette sporet. Men Aakre meiner dette sporet ikkje treng liggje til grunn for konklusjonen hans.

– Nei, eg har ikkje basert meg på dette sporet. Vi har rimeleg full kontroll på kvar den norske bussen var når samanstøyten skjedde. Dermed har vi dei opplysningane vi treng. Vi treng strengt tatt ikkje gå vidare med å finne spor etter den svenske bussen. Men det er klart at dersom vi nyttar sporet Statens vegvesen meiner dei har funne, som eg har sett bilete av men ikkje kunna sett fordi det var like etter ulukka, så kan det også stemme med mi vurdering.

– Du er ein erfaren sakkunnig og har vore med i ei rekkje rettssaker etter trafikkulukker. Korleis vurderer du måten saka står på i dag?

– For meg er det ei interessant sak fordi vi får så gode tekniske data frå desse fartsskrivarane. Det er det som har vore løysinga sett frå mi side. Det er det som har gjort at eg kan kome med ein sopass klar konklusjon som denne.

– Dette er med andre ord ei ganske opplagt sak slik du ser det?

– Det er retten som skal gjere dei vurderingane, så eg skal ikkje gjere det. Men eg meiner at ut ifrå fartsskrivarane og dei data vi har frå dei, så har vi eit relativt klart hendingsforlaup, ja, seier Aakre.

Eg konstaterer at den sakkunnige har forklart seg, og presentert sine funn, og at han held fast på konklusjonen frå rapporten, seier forsvarar Geir J. Kruge til nrk.no