Hopp til innhold

Føler seg ignorerte av Vegvesenet

Fleire av dei isolerte fastbuande og turistane i Honningsvåg på Stad kjenner seg ignorerte av Statens vegvesen.

Rasområdet ved Kleiva på fylkesveg 633

VIL GJENNOM: Fleire fastbuande og turistar vil at Vegvesenet skal opne vegen gjennom Kleiva i ein kort periode. Dei vil ha bilane sine ut av bygda.

Etter at fleire bilar vart trefte av stein på fylkesveg 633 mellom Leikanger og Honningsvåg på laurdag, har vegen vore stengd.

Det er uklart om vegen kan opne att til helga, og innbyggjarane og turistar i Honningsvåg får ikkje komme seg ut av bygda med bil.

Dei har bede Vegvesenet om å opne vegen ein kort periode for å få ut bilane sine, men føler dei vert oversett.

– Det verkar som Vegvesenet ignorerer dei behova vi har for å få ut bilane våre slik at vi kan halde fram kvardagslivet vårt så normalt som mogleg, seier Magne Borgund som ferierer i bygda.

Fleire bilar trefte av stein

Dei siste månadene har det kome ned stein i området ved Kleiva fleire gonger. Vegvesenet har no bestemt seg for å reinske fjellet her, for å gjere det tryggare og dette arbeidet har gått føre seg i vel halvanna veke.

Då bilar vart sleppte gjennom området der sikringsarbeidet går føre seg på laurdag, vart to av bilane trefte av stein. Asbjørg Honningsvåg som sat i den eine bilen frykta for livet til sonen då ein stein lagde eit krater i panseret.

Etter dette vart vegen stengd umiddelbart og Vegvesenet vil reinske ferdig området før dei opnar det for trafikk igjen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fekk panseret knust av stein i Kleiva

KRATER: Slik såg panseret på bilen til Asbjørg Honningsvåg ut på laurdag etter det ublide møtet med naturkreftene i Kleiva.

Vil ha bilane ut av bygda

Det er førebels sagt at vegen kan opne tidlegast fredag ettermiddag og fram til då må innbyggjarar og turistar i Honningsvåg bruke båt for å kome seg ut av bygda.

– Eg har fleire gonger vore i kontakt med Vegvesenet for å få dei til på opne vegen slik at vi kan få køyrd bilane våre ut av bygda. Dette gjeld både turistar og fastbuande som ønskjer å ha bilane sine tilgjengelege utanfor rasområdet, seier Borgund.

Han presiserer at han ikkje vil at Vegvesenet skal opne vegen permanent. Han køyrde sjølv ein av bilane som laurdag vart trefte av stein. Bilen hans fekk mellom anna hol i panseret.

– Alle som brukar vegen vil at den skal sikrast og set pris på at Vegvesenet no verkar å forstå alvoret, fortel Borgund.

Folk treng bilane sine

Men samtidig er det viktig for folk å få bilane ut av bygda slik at dei kan fungere mest mogleg normalt i det som er ein krevjande situasjon, argumenterer Borgund.

– Eg for min del vil heim til Tyskland. Dei fastbuande kunne tenke seg å ha bilen tilgjengeleg på andre sida av rasområdet slik at dei kjem seg til skule, jobb og andre ting, seier Borgund og legg til:

– Eg har vore opp i området der arbeidet går føre seg og eg meiner det ikkje er ukontrollerbare mengder med stein som kjem ned. Fleire gonger har det vore så fint vêr at Vegvesenet burde ha opna vegen slik at vi kan sleppe gjennom, seier Borgund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellsida over Kleiva på vegen til Honningsvåg

REINSKAR: Det er i dette fjellområdet ved Kleiva at Vegvesenet no driv med fjellreinsking.

Foto: Geir Honningsvåg

Avviser kritikken

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen forstår ikkje kritikken. Han seier dei har kommunisert at dei vil prøve å opne vegen slik at dei kontrollert kan sleppe gjennom bilane.

– Det er åtte bileigarar som har meldt si interesse for å få bilane ut av bygda. Vi har sagt at vi vil prøve å få til dette, men tryggleiken kjem først, seier Karlsen.

Han viser til at vêret til no ikkje har gjort det mogleg å opne vegen for å sleppe ut bilane. Mellom anna regna det i heile natt.

Karlsen seier Vegvesenet vurderer situasjonen kontinuerleg og at dei i dag har ein geolog på staden.

– Vi prøver så godt vi kan å kome innbyggjarane og turistane i møte slik at vi i ein stabil periode kan sleppe bilane gjennom. Men tryggleiken kjem først. Både for dei vi skal sleppe gjennom, men også for våre eigne folk. Vi kan ikkje setje inn folk til å rydde vegen for rasmassane før vi veit at det er trygt, seier Karlsen.